reg-stat-ill

Pangstart for John Deere

Fjoråret vart bra for hjorten. 2008 startar enda betre: Nesten 40 prosent av traktorane i januar er frå John Deere. Valtra er nummer to.

Publisert

Vi må med ein gong seie at tal frå ein månad ikkje akkurat er noko å skrive store doktorgradar frå, og slike tal er ikkje veldig mykje å legge vekt på. Nokre tendensar ser vi likevel.John Deeres overveldande marknadsandel er meir eller mindre historisk. Det er ikkje mange gongane i nyare tid at eitt merke har hatt så høge tal for ein månad. Dette kjem ikkje til å vare, men det må vere ein knallgod motivasjon for FKs folk.Resten av topp fire Dei fire neste plassane er litt meir normale. Valtra har gjort eit lite byks forbi MF og New Holland, mens sistnemnde ser ut til å ha snubla litt i skolissene. Her er det ingenting som seier noko om kva vi har i vente resten av året, anna enn at dei tre sikkert vil kjempe tett.Eik og LantmännenMF held stø kurs, og det same med Fendt. Det hindrar likevel ikkje Lantmännen i å vere større enn Eik i årets første månad. Det skjer trass i at Claas berre har fått registrert halvparten så mange i år som i januar i fjor. Valtra drar lasset, med andre ord. Claas er faktisk forbigått både av Fendt og McCormick.CNHA-K jublar neppe over starten på året. Begge merka ramlar så det smell, og verst er det med Case IH. 22 traktorar i januar i fjor er liksom noko anna enn fem i år. Dei to merka til saman ligg i år 14 traktorar bak New Holland åleine i januar-07.Når vi skriv at John Deeres rekordhøge januarresultat ikkje kjem til å vare, bør vi nesten også våge å skrive det same om CNH-traktorane. Det ville vere rart om A-K ikkje klarer å prestere betre enn dette gjennom året.Andre stikkord- McCormick går fram frå ni til 14 i januar, og håpar nok at dette er starten på oppturen, etter fjorårets nedtur.- Deutz-Fahr er så godt som uendra- Zetor og Landini er litt tilbake- JCB startar pent, og har alt no registert 17 prosent av sine totalregistreringar i fjor Januar 2008 startar 14 traktorar betre enn januar 2007. Med andre ord held vi oss inne i den gode perioden med mange nye traktorar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS