orkel tt130

Orkel er stadig størst

Også i 2007 er Orkel og A-K største tilhengarleverandøren. Weckman er nummer to, og ingen andre er over ti prosent marknadsandel.

Publisert

Sju merke har fått registrert over 100 hengarar i 2007, og desse står for 70 prosent av marknaden. Med andre ord er dei store merka langt mindre dominante her enn tilfellet er på traktor.Veksande marknadMarknaden for traktortilhengarar har vakse kraftig dei siste ti åra. I 1998 vart det registrert totalt 1598 hengarar. 2002 vart eit botnår med 1290. No er marknaden dobbelt så stor, med 2541. 2007 er det desidert beste året i tiårsperioden, meir enn 300 hengarar (13,5 prosent) betre enn 2006.Dette er ein trend det er verd å merke seg. Vi har ikkje grunnlag for å slå fast kvifor det er slik. Litt spekulasjonar tar vi oss likevel plass til. Ein grunn er nok den store veksten i traktorstorleik. Same om traktoren skal brukast til landbruk eller oppgåver utanom landbruket, er det behov for ein høveleg hengar. Vi veit at traktorane har vakse svært mykje dei seinare åra, og då blir ofte tilhengaren som er på garden frå før for liten.

Orkel er sjefSjølv etter at Felleskjøpet kutta ut norskbygde tilhengarar, held Orkel seg i tet. Alle dei ti siste åra har trønderen vore nummer ein. Fram til og med 2004 låg marknadsandelen kring 30 prosent. Etter det har talet stabilt vore i overkant av 20 prosent. I gjennomsnitt er det registrert nesten 490 Orkel-tilhengarar kvart år dei siste ti åra, og endringane frå år til år er små.Produsenten er godt nøgd med jobben A-K maskiner gjer som forhandlar, og med god grunn: A-K er landets suverent største på traktorhengar.

Weckman tar innpåAvstanden frå første til andreplass er mindre i 2007 enn i 2006. Weckman er i medvind. Merket er importert av Sisu på Kløfta, og vert seld av frittståande forhandlarar.Sisu har stor tru på vidare framgang: I januar i år har finnen over ein tredel av dei nyregistrerte, skryter importøren.

Svensk og finskOgså på plassane tre til fem er det tilhengarar frå våre to austlege naboland. Junkkari har så vidt passert Metsjø, og er oppe på tredjeplass. Tume held femteplassen. Desse tre var i sum mindre enn Orkel i 2006. Med god framgang for alle tre, og ikkje minst Junkkari, er dei no i sum større enn Orkel. Men det seier sitt om Orkels posisjon, når trønderen enno kan måle seg med summen av tre sterke merke med eit solid forhandlarnett.

Stabilt frå JærenFoss-Eik, som er Eikmaskins norske alternativ, ligg stødig på drygt 110 nyregistrerte. Vi kjenner ikkje til om samanslåinga med Sele Sveis har noko å seie for 2007-tala.Summerer vi Foss-Eik og Orkel, ser vi at kring ein firedel av fjorårets nyregistrerte er bygd av desse to norske produsentane.Mykje heimebygdDen største gruppa, større enn Orkel, er den som heiter "ikkje oppgitt" i statistikken. Mange av desse er heimebygde, eller av merke som dei tilsette på trafikkstasjonane ikkje klarer å spore opp på datamaskina. Nesten kvar fjerde hengar er i gruppene "ikkje oppgitt" eller "andre", der vi har lagt til slike som er registrert med berre ein til tre tilhengarar.Ikkje spesifiserteVi merkar oss at merke som Sele Sveis, Kane, Gigant og Bailey ikkje ligg inne som eigne merke i statistikken. Desse er altså å finne i ei av dei nemnde gruppene. Det kan vere at enkelte av desse merka ville vore inne på topp ti om dei var registrert med ein eigen kode, men dette er det ikkje mogeleg å seie noko om.Feilkjelder Statistikken vår byggjer på registreringstala frå Statens Vegvesen. Vi kan sikkert seie at det er noko meir feilregistrering her enn på traktor, men for dei store merka har neppe dette noko å bety.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS