0801reg-s12m-ill

Ny statistikk på gardsdrift.no: Traktor siste 12 månader

Registreringsstatistikken på gardsdrift.no er populær. Vi svarer på god respons med å gi eit betre tilbod. Heretter får du i tillegg til månadstala ei oppsummering av dei siste 12 månadane.

Publisert

Denne statistikken vil frå februar kome saman med den ordinære statistikken, der vi presenterer månad for månad, og registreringstal for året til no.Meir truverdig Statistikken som vi har hatt den til no er grei nok, men store utslag i ein enkeltmånad gir tidvis underlege resultat. Dermed er det vanskeleg å seie noko sikkert om utviklinga på lengre sikt. Tal frå ein lengre periode langt meir interessante og truverdige, og dei seier mykje meir om kva som faktisk skjer i marknaden.Siste 12 månader mot 2007 mot 2006Statistikken du ser under viser kva som er registrert av nye traktorar frå og med februar 2007 til og med januar 2008. Til samanlikning tar vi med tala for heile 2007 og heile 2006, og kva marknadsandel dei enkelte merka hadde då. Rangeringa er gjort ut frå resultatet siste 12 månader.Har du innspel til korleis vi kan heve nivået på statistikkane våre enda nokre hakk, må du sende oss ei melding . Fram og tilbakeDenne gongen kommenterer vi statistikken i full fart, og nemner desse hovudtrekka:- John Deere er i stadig framgang, med over 1100 nyregistrerte.- MF held seg stabil på ein trygg andreplass.- New Holland klarer ikkje å stoppe nedturen. Held framleis på tredjeplassen, men Valtra kjem fort bakfrå. Finnen har ein forsiktig auke.- Claas har bremsa opp litt, men femteplassen er ikkje truga.- Fendt held same fart som før.- Zetor er forbi Case IH med 13 traktorar. Ved årsskiftet var dei likt. 18 traktorar bak Case IH lurer McCormick, så her ligg det an til tøff kamp.- Lamborghini klarer ikkje å halde 2006-nivået. Det same gjeld Landini. Lamborghini kompenserer med vekst på Same, og søstermerket Deutz-Fahr held stø kurs.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS