maskinleigeprisar-ill

Populær prisliste på leigekøyring

Svært ofte får vi spørsmål om prisane på leigekøyring og maskinleige.Her kan du lese meir om prislista, finne eksempel på korleis du brukar den og laste ned utkast til leigeavtale.

Publisert

Bedre Gardsdrifts liste over maskinleige og leigekøyring inneheld nær 300 arbeidsoperasjonar og reiskapstypar. Vi har mellom 2000 og 3000 prisar i kjeldematerialet, frå alle fylke, frå store entreprenørar og småbønder. Her er det meste.

Kor er lista? Eit svært vanleg spørsmål er om prislista finst her på gardsdrift.no. Svaret er nei. Alt kan ikkje vere gratis her i livet, heller. Årets liste står på trykk i BG 4/08.Grunnen er veldig grei: Dette er ei prisliste det ligg svært mykje arbeid bak, og vi meiner at den har høg verdi for lesarane våre. Vi tener pengane våre på abonnement og annonser, og det aller meste av inntekter kjem gjennom den trykte utgåva av Bedre Gardsdrift. Difor finn du heller ikkje alt på nettsida, og maskinleigeprisane har vi bestemt skal vere eksklusive for våre mange tusen kjære abonnentar. Pluss at du sjølvsagt får den om du kjøper enkeltutgåver av bladet her på nett.

" 420 kroner Om du vil vere sikker på å få lista neste år, er det mest økonomiske å abonnere på bladet, vil vi påstå. Eit abonnement på Bedre Gardsdrift kostar omlag det same som middelprisen på traktor (100 til 170 hk) med førar i ein time. Abonnement kan du bestille her.

" Rota bort bladet?Verdipapir skal behandlast med respekt, men likevel hender det at folk er uheldige og mistar eller rotar bort bladet med prislista.Då kan du ta kontakt med oss, så finn vi ei ordning. Eit godt førebyggande tiltak er å sette heile årgangen i samleperm.

Korleis bruke prislista?Vi får mange spørsmål om korleis du skal sette prisen og finne rett verdi. Slike innspel set vi stor pris på, og det er viktig for oss at folk tar kontakt slik at vi er kjent med korleis lista blir brukt, og kva som er viktig for deg for at lista skal vere lett å bruke.Vi har også sett opp nokre eksempel på bruk av lista, og dei finn du her.

" Avtale?Det er slett ikkje dumt å skrive ein avtale når du skal leige eller leige ut maskiner, eller få utført leigekøyring. I det minste bør prisen avtalast på førehand.Enkle avtaleutkast kan du laste ned her.

" Lista blir til i samarbeid med deg For at vi skal halde oppe nivået og kvaliteten på lista, er vi heilt avhengig av innspel frå lesarane våre. Send oss epost, ring eller send brev, enten du har ønske, spørsmål eller meiningar om korleis ting bør vere. Pluss at vi blir svært glade om du sender oss dine prisar.

" Hugs å justere Vi veit at prislista mellom anna blir bruk som dokumentasjon på prisutviklinga av mekaniseringskostnader i landbruket. Difor er det avgjerande at du tenkjer gjennom kva pris som er rett for deg, og legg på det som må til. Vi bestemmer ingen prisar, vi tar berre utgangspunkt i prisane vi får inn. Difor er det eit krav til deg som brukar lista, at du tenkjer sjølv.

Powered by Labrador CMS