reg-stat-ill

Enden er nær

November er ein typisk 2008-månad. 54 traktorar dårlegare enn i fjor, og utan spesielt store sprell. Teten er uendra. Men kor endar desember?

Publisert

Vi har nemnt det før, og dette er ein tydeleg trend i år: John Deere er suverent i tet, men trass den sterke posisjonen er ikkje alt berre velstand. Nest størst tilbakegang i marknadsandel, og størst fall i tal traktorar, det kan vi ikkje oversjå. Det skal det merkast i organisasjonen når volumet fell såpass mykje. Tilbakegangen er større enn om Lena Maskin og Aase Landbruk hadde fått registrert null McCormick gjennom året, og vi kan lett forstå at det ville vore ugreitt.November er med på å understreke det vi har sett ei tid. John Deere klarer ikkje å halde oppe trykket dei har hatt. Rett nok er marknadsandelen siste 12 månader høgare enn i det gode traktoråret 2006, men fallet i tal traktorar er tresifra både målt mot 2006 og 2007.

Massey Ferguson har også fråfall frå i fjor til i år. Andreplassen ser trygg ut, men i november er MF nok ein gong forbigått av Valtra.

Den finske traktoren held fram å gjere det bra, med netto auke i tal traktorar og pluss 1,8 prosentpoeng marknadsandel.

New Holland har bak seg to månader med greie tal. Marknadsandelen for kvar av desse månadane ligg over andelen for siste 12 månader og den samla marknadsandelen i fjor. Også CaseIH gjer det greitt i november, faktisk årets nest beste månad for den raude.

Claas har bremsene på. Rett nok er merket på femteplass, marknadsandelen er fallande frå fjor, og det i ein fallande marknad. Også Fendt går nedover. November 2008 er den dårlegaste månaden siste to åra, langt under normalen. Fendt er traktormarknadens kanarifugl i anleggsmarknaden, og varslar om nedgangstidene der.

Så har vi Deutz-Fahr. Pluss 40 traktorar frå i fjor, det er ein vekst ingen andre kan måle seg med. Juni, juli og november er toppmånadane i år, med tal omlag på det doble av normalnivået tidlegare år. Marknadsandelen til no i år er nær fire prosent, mens det vanlege dette årtusenet har vore i overkant av to. Rett nok er søstermerket Lamborghini 13 traktorar tilbake. Om vi summerer Deutz-Fahr og Lamborghini, snakkar vi likevel om årets sterkaste vekst i tal traktorar.

Eit anna merke i vekst er Holder. Ein tredel av årets registreringar er i november. Dette er traktorar primært til park og kommunal bruk.

Framleis ser det ut til at totalmarknaden er tilbake kring ti prosent frå i fjor.

Det mest interessante no, er kva som skjer med desember. Nokre melder om slapp ordreinngang, andre er ganske greitt nøgde. Og vil noko skje med rekkefølgja? Vi trur ikkje Valtra klarer 39 fleire enn MF, særleg ikkje så lenge Massey Ferguson har tradisjon for gode tal i desember. Kan hende klarer Deutz-Fahr å kome opp i nakken på Fendt, mens det er heilt ope kven som blir først av McCormick og Zetor. Til og med november skil det ein traktor.Dei siste åra har desember enda på 437 (-07) og 576 (-06) traktorar. I år kjem nok talet 3 til å stå først, spørsmålet er berre om det blir høgt eller lågt på 300-talet.

Powered by Labrador CMS