reg-stat-ill

Valtra gjer eit byks

Heile 74 nyregistrerte for Valtra i juli, det er best av alle. Finnen parkerer dermed svake New Holland, og ser MF ikkje så veldig langt framom seg. 

Publisert

Årts juli er svakare enn fjorårets, men betre enn juli i go'året 2006. Framleis er totalregistreringane omlag 11 prosent bak tilsvarande i fjor, på same vis som dei tre føregåande månadane. Om Valtra kan notere seg etappesiger i juli, er det framleis hjorten som syklar med leiartrøya flagrande i geviret. Siste 12 månader har Deere 24,2 prosent, som er litt dårlegare enn 2007, og litt betre enn 2006. I tal traktorar er resultatet nøyaktig 100 stykk dårlegare enn heile 2006. Massey Ferguson har stadig framgang i marknadsandel, og er også ganske stabil i tal traktorar, når vi ser i 12-månadersperspektiv. Juli vart derimot ein heller svak månad. 60 traktorar bak MF, målt til no i år, ligg altså Valtra. Om finnen gjer eit lite hopp no, skal vi minnast at situasjonen var nesten motsett i juni. Den månaden fekk MF registrert 67 og Valtra 38, mens i juli er tala høvesvis 39 og 74. Som du ser, dette vekslar fort. Situasjonen er likevel den for tida at dei fire første plassane er klart fordelte: John Deere, Massey Ferguson, Valtra og New Holland. Det skal litt til for å endre på dette, men mykje kan skje før vi skal oppsummere året. Det som ikkje skiftar like fort, er New Hollands tunge tider. Merket er no nesten nede på same nivå som CaseIH hadde på det beste for nokre år sidan. 12,7 prosent til no i år, og stusselege 27 traktorar i juli, det er ikkje mykje å bli lysteleg av. Trøysta for blånissane i A-K er at dei meiner å ha ein god ordrereserve. Raudnissane på same hus har det litt kjekkare, i og med at CaseIH no har snudd nasa oppover att når vi ser siste 12 månader under eitt. Juli drar likevel litt ned. Elles kan vi notere oss at Fendt og Deutz-Fahr har ein god månad bak seg Enno er det seks merke som på denne tida i fjor hadde fått registrert ein til tre traktorar, som i år er på null.

Powered by Labrador CMS