arbeidslys lags veg fs

- Slå av arbeidslysa

Redaksjonen har ligge bak ein traktor med veldig gode arbeidslys, som køyrer med dei slått på langs veg. Det er ulovleg, farleg og provoserande, og vi er frustrerte.

Publisert

Bedre Gardsdrifts journalist er på veg heim etter fire trivelege dagar på Agrisjå i Trøndelag. Klokka er kring midt på natta. Litt etter Vågåmo, på veg mot Strynefjellet, kjem vi bak ein traktor med tilhengar, som vi naturleg nok ynskjer å køyre forbi. Både traktor og tilhengar har ordinære lys som er heilt i orden etter kva vi kan sjå, og så langt er alt vel.

Problemet er berre at vedkomande inni førarhytta køyrer med fire stykk kraftige arbeidslys påslått, peikande beint bakover mot oss. Motivasjonen for det kan vi ikkje forstå.

Vi prøver å blinke med våre fjernlys til traktoren, i håp om at vedkomande inni lysfontena skal forstå noko, utan noko som helst slags respons.

Blir blind

Om du aldri har prøvd å køyre bak eit slikt lyshav, kan vi forklare korleis det fungerer:

For det første blir føraren bak traktoren kraftig blenda. Det kan vere vanskeleg å sjå omfanget av reiskapen bak traktoren, fordi arbeidslyset peikar beint imot auge som er vant med mørke.

For det andre er det ikkje råd å sjå skikkeleg forbi traktor og reiskap, fordi auga stiller seg inn etter dei kraftige arbeidslysa.

Dermed er det å køyre forbi eit sjansespel med stor risiko, der bilføraren knapt ser vegen på sida og framom traktoren før han er forbi arbeidslysa. Med andre ord er det nærast umogeleg å vite om vegen vidare er bein og klar, eller om der ventar ein krapp sving med eit vogntog i møte. Kraftige arbeidslys er også så dominante, at det kan vere vanskeleg å sjå om traktoren skulle blinke til høgre eller venstre.

Kor er bondevettet?

Å kome bak slik tankelaus køyring som bilist er provoserande nok. Når vi i Bedre Gardsdrift i tillegg gjennom mange år har lagt ned eit omfattande arbeid innanfor det som går på traktor og trafikk, for å sikre at vi som bønder til ei kvar tid kan ferdast utan for store hinder langs vegen, blir vi beint ut djupt frustrert.

Berre for å nok ein gong slå det fast: Arbeidslys skal brukast under arbeid, ikkje elles. Påslåtte arbeidslys langs veg er

- ulovleg

- farleg

- unødig

- provoserande

Er det forstått no?

Litt oppspart aggresjon...

Når vi først er frustrerte over traktorførarar, her er ei historie frå mange år tilbake.

På veg heimover til jul kom vi bak ein større Valtra, av dei første som kunne køyre i 50 km/h. Denne var ute på tur med to gutar, vi vil tippe i alderen like over 16 år.

Sjølvsagt har vi ingenting imot at dei av og til tar seg ein traktortur utan anna mål og meining enn å flytte på seg sjølv. Her var det heller ikkje noko å seie på lysbruken, anna enn at blinklys mot høgre og tilhøyrande nedbremsing var eit totalt ukjent fenomen.

Vi låg bak traktoren i kilometer etter kilometer, faktisk i mil etter mil - og såg ingenting på sida av traktoren fordi snøføyka sto.

Møtande bilar såg vi først i det bilen kom ut av snøkavet frå bakhjula på traktoren. Den hurtiggåande landbruksmaskina passerte stadig ei utviding eller avkøyrsle, eller den kunne rett og slett roa ned farten til eksempelvis 20 km/h langs ei rettstrekning. Det er ikkje mykje som skal til, anna enn å tenkje ørlite.

Ver så snill!

Vi skal sjølvsagt gjere vårt for å sikre at traktoren får ferdast på vegen også i framtida.

Men ver så snill, alle de andre som køyrer traktor langs veg: Bruk innsida på skallen, og få andre du kjenner til å prøve å tenkje litt også. Skal vi få lov til å vere i vegbana med traktor, må vi enkelt og greitt oppføre oss fornuftig.

Powered by Labrador CMS