Korleis bli Årets Traktor?
Konkurransen om å bli Årets Traktor 2009 er i gang, og utmerkinga heng høgt. Her kan du lese om vilkåra kandidatane må oppfylle.
Tittelen Tractor of the Year (Årets Traktor) er beskytta, og kan einast delast ut av den europeiske juryen som står bak kåringa. Ingen andre har høve til å dele ut tittelen til nokon traktor.Europeisk jury I juryen sit det journalistar frå leiande europeiske landbruksfaglege tidsskrift. Bedre Gardsdrift representerer Noreg. Kvart land har eitt jurymedlem.Skal vere i produksjonRegelverket seier at traktorar av alle storleikar kan ta del i konkurransen. Eit krav er at traktoren skal vere i produksjon innan 15. september den hausten kåringa finn stad. Dette betyr til dømes at produksjonen av MFs nye 8600-serie straks er i gang, i og med at toppmodellen der er godkjent som kandidat til å bli årets traktor.Traktorane som er med kan ikkje ha vunne noko utmerking i tidlegare års konkurranse. Det er altså ingenting i vegen for at same modell er med i kåringa to år på rad, så sant traktoren ikkje vann første året.Inntil sju kandidatarKvart jurymedlem foreslår sju kandidatar. Dei sju som er foreslått av flest, går vidare til finalen. Her kan vi kanskje finne forklaringa på at New Holland er nominert, mens CaseIH ikkje er det: I fleire europeiske marknader er New Holland svært mykje sterkare representert enn CaseIH, og dermed kan det tenkjast at journalistane frå slike land prioriterer den blå.Gratis å deltaDet er også oppmoda om at jurymedlemmene må få høve til å prøve dei nominerte traktorane, før poenga blir fordelt.Traktorprodusentane som har traktorar med i konkurransen, skal ikkje betale for å delta. Dette for å sikre seg at kåringa er heilt og fullt frittståande.PoengskjemaNår jurymedlemmene har gjort seg kjent med finalistane, skal eit poengskjema fyllast ut. Her blir det gitt poeng for slikt som motor, transmisjon, elektronikk, hydraulikk, førarmiljø, nye tekniske løysingar, design, tilgjengeleg ekstrautstyr og pris pr. hk.Dette poengskjemaet blir sendt inn til juryens sekretær, som summerer alle stemmene. Traktoren med flest poeng kan det komande året titulere seg Årets Traktor. Tittelen "Golden tractor for the design" går til traktoren med flest poeng for design. Det vert også kåra ein "beste spesialtraktor", i ei tevling mellom nisjetraktorar av typen smalsportraktorar, frukttraktorar og traktorar for bratt lende.LesarfavorittarBåde tidsskrift som sit i juryen og andre gjennomfører i enkelte land kåringar av lesarane sin favoritt. Slik til dømes Bedre Gardsdrift gjer det. Her er poenget rett og slett å la lesarane heie på sin kandidat, men oftast med litt meir subjektiv vinkling.Seremoni Prisutdelinga finn stad på ei av dei store europeiske landbruksutstillingane. Den er dei seinare åra utført på Eima i Italia, Agritechnica i Tyskland og Sima i Paris.