Jaget vilt Eivind Hellestø logo

Kva skjer med trafikkreglane?

I fleire månader har Bedre Gardsdrift arbeidd aktivt for å få fortgang i arbeidet med trafikkreglane. Fredag hadde Bondelaget og TLIF møte. Måndag møtest bondelag og samferdsledepartement. Tilfeldig?

Publisert

Sidan 2001 har Bedre Gardsdrift jobba med trafikkreglar for traktor. I løpet av denne tida har strengt tatt ingenting skjedd, anna enn at stadig fleire ugreie reglar tar til å bli praktiserte, etter å ha vore sovande i lange tider.Få fortgangNo er vi lei av at ingenting skjer for å få rydda opp i dette, så denne vinteren og våren har vi arbeidd med tiltak for å få i gang eit arbeid for å gå gjennom regelverket.I samband med det har vi snakka med Bondelaget og Traktor og landbruksmaskinimportørenes forening (TLIF), for å få i stand møte med samferdsledepartementet. Målet er i første omgang å gi ei orientering om alle problema knytt til regelverket kring traktor og trafikk, og etterlyse ein politisk gjennomgang av sakskomplekset.Bondelaget har venta i eit årFor godt over eit år sidan var Bondelaget i møte med Vegdirektoratet, for å prøve å finne ordningar på tolkinga av regelverket kring køyring med utstyr breiare enn 2,55 meter langs veg. Den gongen lova direktoratet eit svar i god tid før våronna.Noko skikkeleg svar kom aldri.Deretter sende Bondelaget brev der dei peika på problemstillinga på nytt, utan å få skikkeleg svar. Direktoratet gav då beskjed om at dette ikkje var prioritert frå politisk side. Dermed ville ikkje arbeidet få prioritet frå vegdirektoratet.Bondelaget sender difor i juni eit brev til samferdsledepartementet, der dei ber om avklaring på breiddereglar og reglar for såkalla farleg reiskap framme spesielt. Brevet har etter det ligge urørt i departementet, fram til førre veke.Purre, purre, purreEtter at Bedre Gardsdrift for nokre månader sidan tok til å arbeide aktivt med å få i stand eit møte der også Bondelaget ville vere invitert, fann Bondelaget ut at dei ville purre nokre ekstra gongar på svar på brevet dei alt hadde sendt, før dei vart med på BGs møte.Bondelaget og TLIF fann også ut at dei burde ha møte seg imellom. Det møtet vart halde sist fredag.BG krev svarFor halvanna veke sidan tok BG sjølv kontakt med samferdsledepartementet for å få svar på når Bondelaget kan vente respons. Vi ber om svar i løpet av eit par dagar, men blir sendt frå person til person gjennom ei heil veke. Sist fredag fekk vi endeleg snakke med ein medarbeidar med kjennskap til brevet. Ho hadde då akkurat fått det inn på sin pult.– Det må ha skjedd ein glipp. Eit brev skal ikkje bli liggande så lenge, seier ho. No er det dessutan avtalt møte med Bondelaget måndag førstkomande, fortel ho. Måndag: Møte med departementetI dag, når denne saka kjem på nett, er det altså møte mellom bondelag og samferdsledepartement.Med seg i kofferten har representantar frå Bondelaget ei oppsummering dei har bede om frå Bedre Gardsdrift, om litt av det som er ugreitt for bøndene når det er snakk om trafikkreglar.Nokre av problema, reint generelt Her er den generelle oppsummeringa vår. I tillegg har vi ei lang liste med meir konkrete problemstillingar.

• Trafikkreglane er blitt ein viktig del av landbrukets rammevilkår, utan at det finst politisk styring, og i mange høve utan at det er meint slik.

• Regelverket manglar heilskap og er i mange høve ikkje meint for traktor, sjølv om det blir brukt på traktor.

• Store delar av regelverket er meint på maskiner og driftsmåtar frå 50-, 60- og 70-talet, og lite tilpassa situasjonen i dag.

• Reglar blir tolka svært ulikt frå distrikt til distrikt.

• Reglar blir tolka svært ulikt frå person til person. Ein politimann seier OK, den neste gir kr 4000 i bot.

• Brått blir ein sovande regel vekt til live av ein kontrollør, slik at traktorførarar som støtt har trudd at dei har ferdast lovleg får bot og køyreforbod, utan forvarsel.

• Ingen klarer å svare tydeleg på spørsmål.

• Traktorførarane strevar med å tolke reglane, til liks med vegstyresmaktene og politiet.

• Styresmaktene gir ingen informasjon til landbruket ved regelendringar eller oppliving av sovande regelverk.Vi gir oss ikkje Bedre Gardsdrift tar lesarane sine på alvor. Det med trafikkreglar veit vi er noko som opptar svært mange i kvardagen, og vi kjem til å halde fram både å informere gjennom bladet, og arbeide på andre måtar med emnet. Ingen andre har jobba så lenge og grundig med dette komplekse saksfeltet som Bedre Gardsdrift, og vi skal stå på vidare. Dette er ei sak vi kjem til å følgje på fleire frontar i lange tider framover.Har du innspel, tar du sjølvsagt kontakt med oss, eller legg inn ei melding i kommentarfeltet under.

Powered by Labrador CMS