MF 7495: Lesarfavoritten
Det store engasjementet på gardsdrift.no gav raudt resultat. Meir enn kvar fjerde stemme gjekk til Massey Ferguson, mens New Holland og John Deere tar andre- og tredjeplass.
Mange har nytta sjansen til å fortelje kvifor dei har stemt som dei har gjort. For trinnlause MF 7495 Dyna-Vt er dette nokre av dei meir eller mindre tunge argumenta:- best giring, mest moderne, penest, tøffest- Ein Traktor skal være rød!- en smidig traktor med enkel betjening- Fantastisk komfort, nydelig hytte, Kraftverk av en traktor. Populær blåmann Også New Holland T7060 får godt over 20 prosent av stemmene. Den aktive tilhengarskaren har mobilisert over heile landet, og dei hevdar mellom anna dette:- Markedets beste hytte og en rå motor!- Nydelig utsende og fantastisk brukervenlig- Etter prøvekjøring er dette en traktor du ikke glemmer Tredjeplass til bestseljaren John Deere 6930 endar på under 20 prosent, og må denne gongen klare seg med noko anna enn førsteplassen. Pallplass er likevel ikkje heilt ille, og mange har mykje skryt å kome med:- Leder an i den tekniske utviklingen, nå blant annet med fabrikkmontert gps/autostyring- Brukervennlig design, driftssikker og økonomisk.og sjølvsagt:- Nothing Runs Like A Deere Meir i BGHeile resultatlista, og meir om kva lesarane meiner om kandidatane til Årets traktor, finn du i Bedre Gardsdrifts desemberutgåve.Der finn du også premievinnarane. Vi kjem nemleg til å fordele fleire premiar enn LED-lykta vi alt har lova. Sett av plass under juletreet, om du er av dei svært mange som har stemt. Det kan vere du som har flaks!