stemmeurne toty

Enorm respons

No er stemmelokalet stengt. Rekordmange har røysta på sin favoritt til Årets traktor. Om 11 dagar får du resultatet.

Publisert

Kvar einaste dag, frå midt i august og til seint i går kveld, har vi mottatt stemmer. Nokre få har prøvd seg med å stemme mange gongar anonymt. Vi har også oppdaga at det finst ein familie i ein dal ikkje langt frå eit av våre avdelingskontor, der reproduksjonstida er kjappare enn sjølv dei mest produktive bananfluer, og der det store talet nye familiemedlemmer får temmeleg så fantasifulle førenamn.Slike forsøk på å støtte sin favoritt på meir eller mindre kreativt vis er luka bort. Likevel sit vi att med tett oppunder 1000 godkjente stemmer.Vi er overvelda.Stor jobb står attNo er det på tide å få i sving teljekorpset. Nokre av stemmesetlane blir trekt ut, og står der namn på, vil vedkomande få ein premie. Vi kjem til å dele ut meir enn den eine LED-lykta som vi tidlegare har lova i premiering.Den verkelege kåringaAlle stemmene vi har mottatt, er med på å kåre BG-lesarane sin favoritt til å bli Årets traktor. Med andre ord ei temmeleg subjektiv vurdering, men mange har grunngitt stemmene sine veldig bra.Den verkelege kåringa av Årets Traktor finn stad under opningsdagen av Agritechnica-utstillinga i Tyskland, 11. november. Til denne kåringa har 19 fagjournalistar frå like mange europeiske land gitt sine røyster. Her er det gitt poeng for mange ulike eigenskapar, og det kan nok seiast at den offisielle kåringa er ørlite meir objektiv enn det vi har invitert lesarane våre til å delta i.I alle tilfelle blir begge resultata gjort kjent her på gardsdrift.no når tida er inne for det den 11. november. Då skriv vi også kven som vinn premiar frå oss.Til så lenge: Mange takk for innsatsen!

Powered by Labrador CMS