safetymark q
safetymark q

Würth og Eik med Safetymark

Hugsar du hydraulikkmerkinga BG omtalte frå Agroteknikk i fjor? No er merkinga som lettar koplinga av hydraulikken endeleg i handelen, og den blir vist på Seljord i helga.

Publisert

Systemet er svært enkelt: Fargane raud og blå viser til stempel ut og stempel inn, eller andre bestemte hydraulikkfunksjonar. Grøn farge betyr flyt eller fri retur. Kvar ventil har sitt nummer.Likt kvar gong, heilt utDenne merkinga går att heile vegen frå spaken i hytta til slangen på reiskapen. Dermed er du alltid sikra at rett slange kjem i rett kopling, og at reaksjonen blir lik kvar gong du drar i spaken.Slangane blir merka med gummihylser som blir krympa på. Ei hylse med rett farge for funksjonen, og ei gul med tal for ventilnummer. Koplingane bak på traktoren blir merka med klistremerke på lokket, eller nytt lokk, der farge og tal samsvarar med spaken inne. Spakane blir merka med varige klistremerke.Trygt og kjaptFordelane med systemet er mange. Først og fremst blir all bruk av hydraulikk mykje tryggare når reiskapen gjer det du trur den skal gjere i staden for noko heilt anna. På reiskap med fleire slangar sparer du fort både eitt og fleire kvarter kopling og feilkopling. Kommunar og firma der traktorføraren har timeløn kan spare inn kostnaden til merkinga berre med dette. Samstundes blir det mindre oljesøl når slangane ikkje blir sett inn og ut i stadig jakt på rett hol.Seld av Eik og WürthProdusent Maskin og Sikkerhet på Vinstra har inngått avtale med Würth Norge om distribusjon. Würth har på si side forhandlaravtale med Eikmaskin på den norske marknaden, og her blir Safetymark å få kjøpt i butikken. Vil du ha merka ein ny traktor, er det ekstrautstyr på nivå med radioen.Betaler seg sjølvMinuset, meiner nok mange, er at det fort kostar ein femtilapp for kvar slange som skal merkast, og i tillegg nokre hundrelappar for å merke opp traktoren. Til det svarer Paal Søberg, oppfinnaren av systemet, at du vil tene innatt utlegga dine med at du sparer tid og ikkje risikerer verken skade på folk eller maskiner. Verdien av det veit du aldri på førehand.Jørgen Skjelin i Eikmaskin nemner at du ikkje treng å gå lenger enn til ein vendeplog med variabel fårbreidde før du ser poenget. Straks du har meir enn eit par sett slangar å kople, trengst enten god merking eller gode rutiner.

Powered by Labrador CMS