valtra t front 07
valtra t front 07

Valtra på rein biodiesel

No er igjen alle traktorar frå Valtra godkjent for 100 prosent biodiesel. Det gjeld også common rail-motorane.

Publisert

Valtra har i mange år vore kjent for å kunne køyre på biodiesel, men det vart det slutt på då miljøkrava medførte skifte til common-rail motorar.Biodiesel-pauseNo viser det seg at denne stoppen i biodiesel-godkjenninga strengt tatt berre har vore ein pause, mens motorane er blitt testa. I mellomtida har mellom anna traktorane på Energigården her i landet køyrd på biodiesel som før, utan problem. Testane som er utført viser også at biodieselen er uproblematisk å køyre på.Fritt fram for alleDette betyr at Valtra gir full garanti same om du køyrer på mineralsk diesel eller biologisk diesel. Serviceintervalla på motoren er uendra.Godkjenninga for 100 prosent biodiesel gjeld alle nye traktorar, og alle tidlegare leverte traktorar frå Valtra, både med common-rail og tradisjonell dieselpumpe.Valtra brukar motorar frå Sisu. Vi har ikkje kjennskap til at traktorar frå andre merke med Sisu-motorar gir same godkjenning. Valtra og Same Deutz-Fahr er klar

I fjor proklamerte Deutz-Fahr at alle deira traktora med common rail-motorar frå Deutz er godkjent for 100 prosent biodiesel. Dermed er det no to traktorprodusentar som gir godkjenning for B100, som biodiesel ofte er omtalt som.Bedre Gardsdrift skreiv om biodiesel i nummer 7/07. Utdrag av artikkelen kan du lese her.

"