NH T7000_09

Tractor of the Year 2008: New Holland T 7060

Klokka 12.40 søndag fekk NewHolland den gjæve tittelen. T 7060 er Årets traktor, kåra av ein solid jury med journalistar frå 19 europeiske land.

Publisert

Den lenge etterlengta arvtakaren til arbeidshesten TM kan no smykke seg med tittelen Tractor of the Year i eit heilt år.

Det er ikkje meir enn eit knapt år sidan vi fekk dei første glimta av traktoren. I løpet av den korte tida har den sikra seg mange beundrarar, og traktoren samla brei støtte då Bedre Gardsdrift inviterte lesarane til å kåre sin favoritt.Ei stor, romsleg hytte med god sikt og lite støy gjer det triveleg å køyre New Holland T 7000. Motoren er anerkjent, og transmisjonen lettbetjent. New Holland lar deg velje fjøra framaksling, eller den temmeleg spesielle SuperSteer-akslingen.Traktoren haustar garantert mange poeng for sitt særprega design.

Mange kriterium for Tractor of the Year

For å få rett til å bruke nemninga Tractor of the Year må den aktuelle modellen vere i produksjon innan ein gitt dato.

Kvart enkelt jurymedlem går gjennom eit poengskjema, og dømer for slike ting som motor, transmisjon, hydraulikk, hytte og førarmiljø, nyutvikling, design og også pris pr. hk.

Tett i toppen

Bedre Gardsdrift er norsk representant i juryen.

Vi må erkjenne at årets finale var meir krevjande enn enkelte tidlegare år. På vårt poengskjema var det tett i toppen.

Det må også nemnast at det å vere i finalen også er ein akseptabel prestasjon.

Finalistane

Dette er traktorane som kom til finalen i år, i alfabetisk rekkefølgje- Claas Axion 850- Deutz-Fahr Agrotron X 720- Fendt 312 Vario- John Deere 6930 Premium- Massey Ferguson 7495 Dyna-Vt- New Holland T 7060 - Valtra T 191 Advance

T7060 og med best design

Den europeiske juryen kåra også T7060 til Golden Tractor for the Design.

BG-lesarane sin favoritt

" Massey Ferguson 7495 Dyna-Vt er BG-lesarane sin favoritt. Det kan du lese meir om her.Det blir meir om kåringa i desemberutgåva av Bedre Gardsdrift.

"
Powered by Labrador CMS