reg-stat-ill

Stø kurs, god fart

Vi er framleis godt framom fjoråret, og dei fire store merka er så godt som nøyaktig like sterke som på same tid i fjor.

Publisert

Med andre ord er John Deere på førsteplass, MF på andre, New Holland på tredje og Valtra på fjerde. Alle har fått registrert fleire traktorar enn i fjor. New Holland har identisk marknadsandel med same tid i fjor, mens dei tre andre har auka noko.Fram og tilbake Tre merke går tydeleg tilbake. Verst er det, som vanleg, for CaseIH, til no i år ned to prosentpoeng frå fjoråret. Tilsvarande for McCormick er 1,6 prosentpoeng, og Lamborghini følgjer opp med minus 0,4 prosentpoeng.Traktorane desse har tapt, går i første rekkje til ferskingen Claas og til merket med nest største veksten i marknadsandel, nemleg Zetor, forutan tre av dei fire store. Også Fendt kan notere seg framgang.Godt framom 2006August 2007 er ein traktor svakare enn august -06, men totalt er årets traktorregistreringar 130 traktorar framom fjoråret. Det svarer til ein auke på 4,8 prosent, og det er mykje.Styrkeforholdet mellom importørane og traktorleverandørane er omlag som det brukar. Denne månaden er Eik største importør, men for året til no er FK i tet, framom Eik og Lantmännen. Agco er suverent støreste leverandør og JD er nummer to. CNH er nummer tre. Omlag eit kvart tusen traktorar skil kvar av desse tre.25 merkeMens vi i 2006 totalt noterte oss 20 registrerte traktormerke, er vi no oppe i 25. Siste nykomar er Holder, ein traktor primært til kommunale oppgåver. Holder hadde i fjor to modellar i BGs traktoroversikt. Begge med hydrostatisk transmisjon, eigenvekt på 1,2 og 2,2 tonn og 42 eller 74 hestar under panseret. Holder vert importert av Eik & Hausken AS på Skjetten utanfor Oslo.Vi trur ikkje auken i talet merke er slutt med dette. Enno har vi eit par kandidatar vi trur kan kome med før året er omme.BGs sensurI statistikken frå Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV), som er kjelda til statistikken vi presenterer, er det ein traktor i august og tre traktorar til no i år som er registrert utan at merke er oppgitt. Desse er med i talmaterialet frå OFV, som dei aller fleste som omgir seg med slik statistikk brukar utan å bearbeide tala.Bedre Gardsdrift har valt å utelate desse tre ukjende. Av erfaring veit vi at trafikkstasjonane tidvis gjer feil når traktorar blir registrerte. Tidlegare år har det dukka opp slikt som Fiat, David Brown og Honda i statistikken over nyregistrerte traktorar, og desse høyrer sjølvsagt ikkje med. Så lenge vi ikkje har kjennskap til kva dei tre ukjende traktorane er, vel vi altså å utelate dei frå statistikken vår.Det skal nemnast at materialet frå OFV jamt over held veldig høg kvalitet, så feilkjeldene finst i råstoffet OFV får inn frå trafikkstasjonane."Andre"Ein annan skilnad frå statistikken du finn andre plassar, er at BG-statistikken ikkje har samleposten andre. Hos oss finn du alle registrerte merke, også dei aller minste.

Powered by Labrador CMS