Fendt Trisix med seks hjul.

Sekshjuls gigant-Fendt

Det er nok berre ein ide, men den er alt no svært omdiskutert på nettet. Ein gigantisk Fendt med seks store hjul og truleg godt over eit halvt tusen hestar under panseret.

Publisert

Fronten på traktoren ser ut som ein 936, kraftig behandla med veksthormon. Også hytta er henta frå 936, men elles er mangt annleis.

Det mest karakteristiske er at traktoren har seks like store hjul. Den tredje akslingen sit bakom der ein vanleg traktor tar slutt, slik at hytta no står midtplassert.

Gigant etter europeiske normer

Det er grunn til å tru at traktoren illustrerer ein ide om ein europeisk stortraktor, som også kan køyre lovleg på veg, i alle fall i fleirtalet av europeiske land. Der har jo dei amerikanske stortraktorane eit problem, i og med at rammestyrte giganttraktorar må ha tvillinghjul for å overføre motoreffekten til trekkeffekt.

Taklar stor effekt utan tvilling 

Ved å legge til ein ekstra aksling, og bruke større hjul framme, vil det vere mogeleg å nyttegjere seg motoreffektar på over 500 hk, utan bruk av tvillinghjul.Bruk av belte for å løyse problemet er neppe noko tema for Fendt. Det tar søsterselskapet Challenger seg av. Dessutan er det å køyre fort på veg ein viktig del av korleis Fendt vil stå fram, og då er hjul einaste løysinga.

Vart å sjå på Agritechnica? 

Spekulasjonane går no høgt om traktoren vil bli vist på Agritechnica eller ikkje. Fendt seier ingenting, men frydar seg nok over merksemda. Fleire leiande europeiske nettsider har omtalt traktoren dei siste dagane.

Powered by Labrador CMS