aebi+schmidt

Schmidt + Aebi = 1

Tyske Schmidt og sveitsiske Aebi har fusjonert, men held fram som ulike varemerke. Selskapet har eit breitt sortiment av reiskap og sjølvgåande maskiner for vegvedlikehald, grøntareal og meir til.

Publisert

Det er enno usikkert kva konsekvensar fusjonen får for norske kundar. Enn så lenge er det ikkje venta vesentlege endringar. Korleis planane blir på lengre sikt veit vi ikkje no.Norsk import Både Schmidt og Aebi er representert i Noreg. Førstnemnde har eige dotterselskap gjennom Schmidt Norge AS på Biri. Dei er marknadsleiar på fleire av sine produktområde. Schmidt leverer utstyr for vintervedlikehald av vegar, flyplassar og jernbane, suge- og feiemaskiner, spreieutstyr for sand og salt, og også kantklipparutstyr.Aebi vert importert av Antra på Lillestrøm, etter at Agr. Knut Skurtveit L/L, som frå sitt lokale på Bryggen i Bergen meir eller mindre mekaniserte dei fleste bratte bruk på Vestlandet, avslutta landbruksengasjementet for nokre år sidan.Salet av nye Aebimaskiner har vore nær null dei seinare åra, trass i at maskinene også er godt eigna for slikt som sommarvedlikehald av alpinbakkar og anna grøntareal med eller utan helling. Derimot har Aebi mange kundar på delemarknaden her i landet.Solid eigarskap Dei seinare åra har Schmidt hatt eit investeringsfond som dominerande eigar. Fondet ynskte å endre på eigarskapen sin. Det vart løyst då Aebis eigar, som også eig det store sveitsiske tog- og trikkeprodusentkonsernet Städler, kom inn som 50 prosent eigar i det fusjonerte selskapet. Investeringsfondet sit då med 30 prosent av aksjane, og ymse andre eigarar med resten.Selskapet vil vere organisert med ein eigen landbruksdivisjon.StyrkingFusjonen vil styrke begge selskapa, står det i pressemeldinga. Det er sjef for Schmidt Norge, Vidar Kristensen, samd i, sjølv om han enno ikkje har oversikt over kva konkrete konsekvensar samanslåinga vil få.

Powered by Labrador CMS