Ryktet går
... og det er sant: I samarbeid med Transportmagasinet har Bedre Gardsdrift testa traktor mot Fastrac mot lastebil.
Vi veit at mange alt har fått med seg dette. For alle som har høyrd snakk om det, og for alle andre, kan vi like gjerne seie det som det er: Nyleg skjedde der interessante ting på Voss.I nært samarbeid har Transportmagasinet og Bedre Gardsdrift gjennomført ein test. I testen har vi med ein heilt vanleg firesylindra landbrukstraktor, JCBs største Fastrac, og ein vanleg tippbil.Over fleire dagar har vi sjekka kor effektive desse er til transportarbeid, og mellom anna målt dieselkostnaden.Så mykje får du vite no. Vi kan love deg eit interessant resultat. Det står å lese i BG 4/07 og i Transportmagasinet nr 4/07. Begge blada er ute kring nasjonaldagen, altså i siste del av mai.Det er først når blada er ute at vi gjer kjent tal og resultat som er til å stole på. Ver tolmodig!