Noko nytt?
John Deere, MF, Fendt og Claas innbyr alle til visning av nye traktorar denne hausten, og Valtra har noko på gang. Spennande.
Enno er det for tidleg å vite heilt kva som kjem, og importørane held korta tett til brystet. Litt tipping må da likevel vere lov. Det som er sikkert, er at alt som skjer blir omtalt i Bedre Gardsdrift når tida er inne.John Deere nektar konsekvent å lette på sløret. Kan det vere ein ny SE, etter at 6030 Premium vart lansert i fjor? Vi veit ikkje.MF er i gang med å fornye designet, samstundes som dei gjer visse tekniske endringar elles på modellane sine. Det kan vere mogeleg å tippe at det nye panseret frå 6400 og 7400 blir å finne på toppane i 5400-serien. Om det elles skjer noko her, får du heilt sikkert lese om i komande utgåver av Bedre Gardsdrift.Fendt har som tradisjon å innby til årleg pressekonferanse. I fjor var det noko nytt på alle seriane. Vi skulle såleis tru at den trinnlause tyskaren hadde tømt seg heilt. Difor vert det interessant å sjå kva som blir vist på årets samkome for landbrukstekniske bladfykar.Claas er i gang med å omclaasifisere Renault-programmet. Stortraktoren Axion kom i fjor. Kjem den no som trinnlaus? Vi vil elles tippe at produsenten går stegvis nedover i modellrekkene. Om det stemmer, er turen komen til Ares, som jo sel temmeleg bra her i landet, til nykomar å vere. Men det kan også hende at den mindre Celtis snart hadde fortent ei oppussing.For Valtra sin del veit vi at det blir jobba både med nye transmisjonar til dei store, og nyare utgåver av dei mindre. Kva som kjem først, og kva det måtte vere, vil nok vise seg på utstillingar som Elmia og Agritechnica i oktober og november.CNH ventar truleg til over nyttår med større endringar. CaseIH Puma er nok ikkje langt unna, og den kan kome alt i haust. Puma-traktorar er alt vist fleire gongar elles i Europa, så den er ingen stor løyndom.Veit du om noko anna, eller har du håp om endringar hos nokon? Det er fritt fram for å legge inn kommentarar og innspel under artikkelen!