NH T7000_14

NewHolland har best design

Juryen for Årets traktor har sagt sitt: Pavetraktoren NewHolland T7060 vinn prisen for best design.

Publisert

Tractor of the Year 2008 - Golden Tractor for the Design er den komplette tittelen. Utmerkinga vart overlevert under ein seremoni på Agritechnicas opningsdag.Under seremonien er det delt ut tre prisar. Gjevast er sjølvsagt hovudprisen Tractor of the Year, som du kan lese om i ein annan artikkel.

Så kjem designprisen, der kandidatane er dei same.

Her er det kort og godt den traktoren som får flest poeng i kategorien design, som er eitt av mange kriterium Årets traktor blir vurdert etter.

Den siste prisen er Best of specialized.

Denne har ikkje Bedre Gardsdrift engasjert seg i, då det for det meste er snakk om traktorar for fruktdyrking, bratt lende og andre heilt spesialiserte basismaskiner som vi knapt har sett her i landet.I fjor vann Fendt 936 designprisen. Årete før vann Claas Ares ATZ. Valtra har vunne to gongar med C 150 og S 260, og New Holland har fått prisen for TSA. Også Deutz-Fahr Agrotron, Lamborghini Champion og John Deere 8020 er mellom vinnarane.

Powered by Labrador CMS