lager skf 6204
lager skf 6204

Levetid på lager

To feil reduserer levetida på lageret: Dei blir smurde for mykje, eller dei blir ikkje smurde. Det er heller ikkje lurt å blande ulike typar smørjefeitt.

Publisert

36 prosent av alle lagerhavari skriv seg frå for mykje smørjing, for lite smørjing eller feil smørjemiddel. Andre havari kan skuldast at høgtrykkspylaren har vaska bort smørjemiddelet.Lager i olje har det bra 80 til 90 prosent av alle smørbare lager blir smurde med feitt. Resten, som går i olje, har det som regel bra. Har motoren eller transmisjonen rett mengde og type olje, og oljeskifta blir utført som dei skal, vil lageret leve nærast evig.Ferdigsmurde Lager med 2RS1, 2Z eller W i koden er ferdigsmurde frå fabrikken. Dei har ikkje smørjehol, og skal heller aldri smørjast.Ikkje fyll fullt Smørjinga har to oppgåver ut over det å smørje: Hindre korrosjon og hindre ureiningar. På feittsmurde lager skal feittet normalt fylle 25 til 35 prosent av det ledige rommet.Universalfeitt er fint Til dei aller fleste oppgåver er det bortkasta pengar å bruke noko anna enn vanleg universalfeitt frå ein kjent leverandør. Du kan ikkje rekne med lengre smørjeintervall om du brukar dyrare feitt, og levetida på lageret merkar du neppe noko endring på.Unntaket er om du arbeider under svært låge temperaturar. Driv du snøfresing med ein middeltemperatur på 30 kuldegrader, kan du vurdere eit lågtemperaturfeitt. Går lageret lange periodar under svært høge temperaturar, bør du vurdere eit høgtemperaturfeitt.Unngå blanding Det er ikkje heldig å blande ulike typar smørjefeitt. Fortjukningsmiddelet i til dømes litiumfeitt og natriumfeitt er ulikt. I blanding vil smørjeeigenskapane bli dårlegare enn det dårlegaste av dei to. Difor bør du smørje hyppigare enn normalt, om du skiftar frå ein type feitt til ein annan.Rein nippel Ta med deg tørkepapir når du skal smørje. Det er viktig å tørke nippelen heilt rein før du koplar på pressa, slik at du ikkje pumpar inn sandkorn og andre ureiningar direkte inn i lageret. Sjekk også om feittet verkeleg gjekk inn i nippelen, eller om det berre gjekk på utsida. I så fall tørkar du det bort og startar på nytt.Stillstand Skal maskina stå stille ei stund, er det lurt å smørje alle lager før den vert parkert. La maskina gå nokre rundar etterpå, slik at smørjemiddelet fordeler seg. Då unngår du at lagera rustar mens maskina er parkert.Desse råda kjem frå Harry Opdal i SKF Norge. I BG 1/01 var han med oss på ein grundig gjennomgang av alle lager og vedlikehald av desse.

Powered by Labrador CMS