valtra N lett a+n 07

Lett-N

I dag har Valtra verdenspremiere på ein lettversjon av N-serien. Her har du N Hitech bakstuss og hytte, miksa med framparten frå A-serien.

Publisert

Traktorane skal konkurrere i den populære klassen med godt spesifiserte traktorar like under 100 hk. Det er snakk om to nye modellar: N82 og N92. Under det vesle panseret finn du motoren 44 DTA frå Sisu, med ei yting på høvesvis 84 og 96 hk. Dreiemomentet er på 360 og 405 Nm.Transmisjonen er akkurat som på N Hitech. Det betyr tre hurtiggir, fire hovudgir, tre gruppegir og kløtsjfritt vendegir med integrert parkbrems. I tillegg program for automatisk skifte av hurtiggir, og Valtras spesielle nøytralfunksjon. Slår du på den, vil traktoren automatisk kople fri om turtal eller fart er under eit visst nivå.Enno har ingen norskspesifisert traktor vore på vekta, men det er grunn til å tru at kring 4,5 tonn er realistisk. Standard dekk vil stå på 24-tommar felg framme og 34-tommar bak.Med framparten frå A-serien blir traktoren kort, smidig og oversiktleg, så vi får neppe sjå mange som ikkje har frontlastar. Dei to lettutgåvene av N-serien blir berre å få i utstyrsnivået HiTech.Bedre Gardsdrift har sendt ein av sine beste menn til Elmia, der traktoren vert avduka i løpet av dagen. Han avgir full rapport til bladutgåva av Bedre Gardsdrift.

Powered by Labrador CMS