Landets mest populære sauebonde

Den halvøkologiske sauebonden Odin Jensenius, saman med kompanjong og bymenneske Are Sende Osen, trekkjer lyttarar i hundretusenvis til NRK P3 kvar dag.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 8 2004)Odin innrømmer gjerne at mykje av inspirasjonen til radioprogramma blir henta i sauefjøset.– Men sukkess`n på radio`n gir mæ litt dårli samvittiheit for sauan, æ føle at æ ittj fi førd dæm opp så godt som æ sku, vedgår han.Indre NamdalGarden ligg i Indre Namdalen, eit vakkert område med mykje sau, men av omsyn til naboane ynskjer ikkje Odin å spesifisere eksakt kor bruket ligg. Han vil spare naboane for turisttrafikken.Når Odin er opptatt på radiohuset i Trondheim, er det mora og naboen Gauder Olaussen som tar seg av drifta. Odin syslar med speling av popmusikk, diskusjonar om dagsaktuelle emne som gjerne ingen andre diskuterer like inngåande, og den evige kampen for å verdsette enkeltindividet.– Det med individ er viktig. Det har eg med meg frå sauefjøset. Kvart enkelt dyr er eit individ, som vi må respektere og handtere deretter, kjem det alvorleg frå Odin, framleis sveitt etter eit forrykande sceneshow under Trøndersk Landbruk.– Omsorga for sauene kan tidvis vere ei mare, påpeikar radiomakker og kamerat Are Sende Osen. – Heile tida mens han er i Trondheim, bekymrar Odin seg for sauene heime.– Det er suksessen sin pris, sukkar Odin, og poengterer at han helst ville brukt all si tid på å stelle heime på garden. Men det går ikkje.Skreiv til departementetDet har seg nemleg slik at Odin konstaterte at sauehald med stor omsut for kvar enkelt sau og best mogeleg forhold i fjøset om vinteren, ikkje gav god nok økonomi. Han forfatta eit brev til Landbruksdepartementet, der han konkluderte: "Herre her går ittj!"Etter fire veker, kom svaret, kort samanfatta til "Du har heilt rett."Odin skreiv så eit nytt brev, der han spurde det store departementet i Oslo kva han så skulle gjere. Nye fire veker, og svaret kom: "Finn på noko anna!"Slik har det seg at han no pratar på P3.MiljøbevisstOdin Jensenius er opptatt av miljøet. Det avspeglar seg i gardsdrifta. I ungdommen var han litt for opptatt av store, rå traktorar med styling og voldsomme stereoanlegg. Han var bort i mot ein traktorrånar. Den tida er over.– Eg får gjort jobben minst like bra med enklare utstyr. Då blir det mindre jordpakking og eg brukar mindre diesel. Dessutan prøver eg å tenke miljø og økologi i alt eg elles gjer. For eksempel gir eg berre litt kraftfôr til sauene. Det er fort gjort å overdrive, når du ser kor glade sauene blir for pelletsen. Men det blir som ungar og drops, du kan ikkje berre gi dei det fordi dei har lyst på meir, poengterer han.SheepSleep og wild-screenOdins sauefjøs er topp moderne. Alle dyra har liggeunderlag, såkalla SheepSleep.– Det er som å ligge på eit mjukt og godt teppe, gliser sauebonden. For at sauene ikkje skal sture i dei lange og mørke vinterdagane i Indre Namdal, har han installert ein stor skjerm i fjøset. Wild-screen, som Odin kallar det. Den formidlar ein passande miks av opplysningsprogram og underhaldning. Naturprogram er populært, men sauenes favoritt er animasjonsfilmane om Wallace & Gromit. Halvøkologisk lurendreierOdin har som mål å bli tre kvart økologisk sauebonde. Heilt økologisk, slik at han får Debio-godkjenning, vil han ikkje bli.– Odin orkar ikkje noko omstendeleg sertifisering. Han vil ikkje ha for mange kontrollørar inn på tunet. Han er ein liten lurendreier, påstår Are.Gardsfakta Odin Jensenius sin gard i Indre Namdalen, Nord-Trøndelag Areal: 150 dekar dyrka mark. Mykje utmarksbeite. Produksjon: 150 vinterfôra sauer, halvøkologisk drift.Traktorar: Ein middels John Deere, og ein MF 135.GardshistorieOdins oldefar tok til å forpakte små sauebruk frå folk som reiste til USA. Mange kom ikkje att, og oldefaren overtok dermed flesteparten av gardane, og fekk etter forholda ein ganske stor gard.Radiofakta: Are og Odin, NRK P3. Direktesendt måndag til fredag 13:03 til 14:00 frå 2002 til jul 2005.Are og Odin står også bak 2004-sommarslageren Klapp klapp.

Norges kanskje einaste radioprogram med eige museum (på Tyholt i Trondheim), og med minneside på nettet.

Programleiarar på Reiseradioen, NRK P1, sommaren 2007

"
Powered by Labrador CMS