jd+benye

John Deere kjøper kinesisk

Berre formalitetar står att før John Deere eig den kinesiske traktorprodusenten Benye. Tanken er først og fremst å auke marknadsandelen i Kina, men traktorane vil også bli eksporterte.

Publisert

I dag byggjer Ningbo Benye Tractor & Automobile Manufacture Co. Ltd., som firmaet heiter, traktorar i storleiken kring 20 til 50 hk. John Deere har sjølv ein kinesisk fabrikk, som lagar traktorar frå 60 til 120 hk for asiatiske kundar.EksportKjøpet av Benye lar oss levere ei meir komplett produktlinje til kinesiske kundar. På same tid kan vi tilby eit breiare utval små traktorar til resten av verda, seier John Deere-sjef Robert W. Lane.Størst i Sør-KinaBenye er største traktorprodusenten i det sørlege Kina. Fabrikken er ganske ny. 95 prosent av omsetjinga er frå innanlands sal. Merket blir også eksportert til 70 land elles i verda, mellom anna Noreg.John Deere ser for seg at eksporten primært skal vere retta mot andre land i Asia, Afrika og Midtausten.

Powered by Labrador CMS