jd el-pto 07
jd el-pto 07

Høg spenning i John Deere

På Agritechnica vil John Deere presentere ein traktor som produserer straum til drift av reiskap. Dermed kan reiskapen gå uavhengig av motorturtalet.

Publisert

Nyvinninga blir vist på modellen 7530 E Premium. Løysinga vil også bli tilgjengeleg på 7430 Premium, i første omgang.Prinsippet går ut på at traktorane kan avgi 20 kW. Effekten er tilgjengeleg gjennom kontaktar for 230 og 400 volt.Under planlegginga av det elektriske kraftuttaket har John Deere samarbeidd med Kuhn, som har bygd om ein kunstgjødselspreiar så den går på straum. Denne blir presentert under merkenamnet Rauch, som vert importert av Eikmaskin hit til landet. Det at traktor og reiskap går gjennom konkurrerande kanalar er kanskje grunnen til at ingen norske importørar har snakka særleg høgt om nyvinninga enno.Fordelen med elektrisk reiskapsdrift er at reiskapen kan gå heilt uavhengig av traktoren, både med tanke på motorturtal og køyrefart. I variabelt lende kan traktoren luffe på tomgang på flata, og gi på passeleg i motbakkane, mens gjødselspreiaren kastar like breitt heile tida. Dette sparer drivstoff og slitasje.

Powered by Labrador CMS