høymole 1

Hald engfienden i sjakk

Høymole er den verste fienden til eng og beite. Frøet kan overleve like lenge som eit menneske. Kampen tar aldri slutt.

Publisert

Med god grunn er det mange bønder som hatar høymola. Etter 70 år i jorda er framleis åtte prosent av frøet spiredyktig. Dessutan vil ikkje frøet spire før det er fire til åtte år gammalt. Du må altså li for gamle synder.Espen Haugland i Indre Sør-Troms forsøksring kjem med nokre taktiske råd.– Tenk førebyggande. Høymola er alltid lettast å ha med å gjere når det er lite av ho. Her er det aldri tid for våpenkvile. Ser du ein plante, skal den bort, konstaterer Haugland.– Terskelen for å bekjempe høymole er kort og godt ein plante. Pass særleg på utover hausten. Etter den siste slåtten er det mange små høymoleplantar som stikk seg opp og frør seg. Om plantane er små, er frøa like ille. Ikkje la dei stå i fred!Fælt frøFrøet er det verste med høymola. Unngå at ho frør seg, så er mykje gjort. Ver klar over at frøet kan modnast etter at planten er slått. Problemet er størst ved sein slått. Då kan frøet modnast nok under fortørking til at det fell av planten som spiredyktig.For å gjere livet ekstra surt for bøndene, er høymolefrøet vanskeleg å rense frå andre frø. Husdyrgjødsel er ikkje den frøspreiaren som mange har trudd, dersom silo og husdyrgjødsel er lagra lenge. Spireevnen går nemleg drastisk ned etter nokre månader med slik lagring. Frø som ligg i gjødselskorpa kan likevel overleve lenge.Frøet spreier seg lite med vinden. Dermed kan du ikkje skulde på naboen om enga di er invadert. Høymola må du ta ansvar for sjølv. Likevel skal du fjerne høymola frå alle kantar rundt enga og beitet.Bruk feige metodarMot høymola er skitne triks smart. Ta plantane mens dei er små og einsame. Ikkje gi deg om dei ligg nede.– Er du brukbart fri frå høymola, kan du klare deg med luking eller sprøyting av enkeltplantar før desse frør seg. Gå over enga med ei ryggsprøyte, og ta flekkane der ugraset er. Du kan også rive opp planten med rota, og håpe at du får med deg nok til at rota ikkje set nye skot. Flekksprøyting eller luking bør du ta kvar vår, og når gjenveksten etter førsteslåtten er i gang, rår Haugland.Luk og sprøytDet er berre dei fem øvste centimeterane av rota som normalt er i stand til å skyte. Unge plantar er dårlegare, og dermed lettare å luke. Den beste tida å gå til åtak er den såkalla rotlausveka. Då er opplagsnæringa frå rota brukt opp, og planten har enno ikkje fått fart på ny næringssamling. Dermed er planten på det svakaste. Perioden er om lag frå rosettstadiet til stengelen er om lag to centimeter lang. Den beste tida for luking er også den beste tida for sprøyting.Espen Haugland meiner at sprøyting er ein effektiv metode. Eit lite minus er det likevel at sprøytemiddela fungerer som sovemedisin. Om planten døyr, kan likevel seks-sju småplantar kome opp i ring rundt mora etter nokre år.Høymola toler godt konkurranse om lyset, men trivst dårleg om ho må konkurrere om vatn og næring. Du blir ikkje kvitt høymola om du haustar ofte. Det ironiske er at planten som ofte blir skulda for at enga må pløyast om, mislikar visse typar gammal eng, som til dømes engrapp.Dårleg mat Mens ugras som løvetann er næringsrikt og smakleg fôr, er høymola dårleg mat. Den vedrike, grove strukturen er dårleg fyllmasse i siloen. Høymola er enda verre i tørrhøy. Den tørkar seint. Det krevst ekstra energi for å få ut vatnet i høytørka, eller avlinga må ligge lenge ute, for å unngå mugg. Då forsvinn mykje av den næringsrike bladmassen frå nyttevekstane. Det er ikkje utan grunn at planten er kalla høymugle nord i landet.

Powered by Labrador CMS