Kontakt til tilhenger
Hengerkontakt.

God kontakt

Sjekk lyset på tilhengar og reiskap no i høgsesongen for transportkøyring. Det er di plikt å passe på at alt er i orden. Då slepp du både plangsomme kontrollørar og irriterte bilistar.

Publisert

Av og til kan det vere eit ork å halde tilhengarlyset i orden, og eit mysterium korleis det kan bli så mykje feil. 

3 tips når du feilsøker hengerlysene

Nokre enkle triks kan vi likevel gi deg:

  • Sørg for at kontakt og støpsel er reine.
  • Pass på at pinnane i kontakten ikkje er for samanklemte. Bruk evt. eit flatt skrujarn for å klemme dei ut litt.
  • Sjekk at leidningen er heil, og at det går straum der det skal gå straum.

Pass på jordinga

– Alle har vel sett mykje rart slags lys bak på ymse tilhengarar. Noko skuldast feilkopling, men mykje kan kome av dårleg jording. Då kan vi få situasjonar der eine pæra stel jording frå nabolyset, så skin det svakt i begge. Sjå til at jordinga frå lyktene til gods i hengaren er god. Deretter at jordingskabelen mellom hengar og tilhengarkontakten er som den skal vere, seier Magne Endal. 

Han er faglærar på Stryn Vidaregåande skule.Til høgre finn du koplingsskjemaet for ein tilhengarkontakt. Kodane i første kolonne finn du påstempla i kontakten.

Powered by Labrador CMS