fk gaupen rishaug
fk gaupen rishaug

Gaupen barnebarn av FK Agri

Rishaug Anleggsmaskiner, eit dotterselskap av FK Agri, har kjøpt biltilhengarprodusenten Gaupen. Dermed blir FK Agri bestefar til Norges største tilhengarmerke.

Publisert

Det er ikkje lenge sidan New Holland-importøren, vel å merke på anleggsmaskiner, vart ei dotter av Felleskjøpet. No er slekta utvida til å omfatte marknadsleiaren på biltilhengarar under to tonn.Frå trillebår til stor hest Gaupens sortiment omfattar alt frå tilhengarar som nesten minner om tohjuls trillebårer, til store og moderne skaptilhengarar og hestehengarar. Produksjonen skjer på Gaupen, ikkje langt frå Brumunddal i Hedmark. I år er det venta ein omsetnad på 114 millionar kroner.Selt av landbruksfirmaMange av Gaupens forhandlarar er knytt til landbruket. Eksempelvis er A-K maskiner i Bergen av dei fire største forhandlarane i landet. Også andre A-K-avdelingar sel Gaupen. På forhandlarlista finn vi vidare avdelingar av Eik, Haugsveen og Fjeldstad, Fron Traktorservice, Lena Maskin, Norgesfôr - kort sagt representantar frå nesten alle retningar av norsk landbruksmaskinbransje. Unntatt Felleskjøpet.FK har satsa på importDet norske landbrukssamvirket har her, som så ofte elles, heller satsa på utanlandske produkt som konkurrerer med dei norskproduserte. I fleire år har Felleskjøpet hatt ein forhandlaravtale med danske Brendrup.Suverent størst i marknaden er likevel norske Gaupen og Tysse.Kva skjer?Det er varsla at Gaupens produksjon og drift skal gå vidare som før. Kva som skjer på forhandlarsida på litt sikt er det ikkje lett å finne ut noko om. Det vil vere underleg om FK sel produkt som konkurrerer med slikt som dei sjølve, via omvegar, er eigaren til. Samstunder skjer jo nettopp det på andre område, til dømes med Ole Chr. Bye (OCB). På korntørker er FK og OCB harde konkurrentar, mens OCB er leverandør til FKs konkurrentar på ymse rekvisita.Rishaug AnleggsmaskinerI 2004 kjøpte dåverande FKT to tredelar av aksjane i Rishaug Anleggsmaskiner. I april 2007 vart FK Agri eineeigar.Rishaug Anleggsmaskiner har importen av New Holland anleggsmaskiner, kanskje mest kjent for gravemaskinene som tidlegare heitte Kobelco. I tillegg kjem Putzmeister betongpumper, hydrauliske hammarar og mobile høgtrykksvaskarar. Firmaet dekkjer heile landet, har hovudkontor i Trondheim og underavdeling i Sverige. Årsomsetnaden er kring 550 millionar kroner.For ein dryg månad sidan kjøpte også Rishaug Anleggsmaskiner firmaet Asfalt og Betongmakiner AS, også dette med hovudkontor i Trondheim. Dette selskapet har import og sal på ymse anleggs-, asfalt- og betongmaskiner. Omsetninga var i 2006 på 32 millionar kroner.