Felleskjøpet utan marknadssjef for John Deere

Etter 16 år som den mest profilerte John-Deeremannen i Noreg, sa Jørgen Jeksrud takk for seg til Felleskjøpet i sommar.

Publisert

Det skuldast ikkje at FK Maskin er lagt ned og innfusjonert i FK Agri, men det Jeksrud meiner er manglande vilje til satsing på Felleskjøpets fremste varemerke.– Omorganiseringa er rett. Den kunne kome for lenge sidan. Den er eit unikt høve til å styrke satsinga på traktormerket, som trass alt omset for godt over ein halv milliard åleine. Eg opplever at FK Agris leiing manglar respekt for verdien John Deere har, og at det ikkje er forståing for kva potensial som finst her. John Deere-konsernet har store ressursar å bidra med. Da må FK organisere seg slik at dette kan nyttegjerast til beste for kundar i Noreg, slik det blir gjort i andre europeiske land, sukkar Jeksrud. Han arbeider no i ein annan bransje.– Ambisjonen er at John Deere skal selje 1100 til 1200 traktorar i året, i tillegg til treskarar, presser, slåmaskiner og anna. Dette krev både ein gjennomtenkt strategi og ei forsvarleg bemanning, som kan gi seljarar og mekanikarar naudsynt støtte i kvardagen.Jeksrud opplevde lite vilje til å diskutere dette.Han tykkjer også det er underleg at andre produktsegment innan FK Agri, med omsetning langt under traktorane, er organiserte som eigne dotterselskap eller på anna vis har større tilgang til ressursar, mens traktorane tilsynelatande skal rulle ut av seg sjølv.FK Agris styre er neppe kjent med synspunkta, meiner Jeksrud.

Powered by Labrador CMS