lbr-lastebil agritechnica 07
lbr-lastebil agritechnica 07

Er lastebil løysinga?

Ein av trendane på årets Agritechnica er fleire sjølvgåande maskiner. Også til transport. I slike høve er det oftast snakk om fleirhjulsdrivne MAN med traktordekk.

Publisert

Det er slett ikkje nytt at lastebilar kan brukast til å transportere ting innan landbruket. Her i landet er det i visse distrikt lange tradisjonar for å bruke lastebilar til køyring av både gjødsel og grovfôr.

Traktor eller lastebil?Det siste tiåret har traktorane utvikla seg veldig, både med tanke på transportkapasitet og eigenskapar elles. Dermed har traktorane ofte skubba bort lastebilane frå slik køyring.I same tidsperiode har krava til køyrety langs vegen blitt skjerpa. Ikkje berre her i landet, men i heile Europa. Prisen på diesel har gått beint opp.Som undersøkingar utført av Bedre Gardsdrift og av andre viser, har lastebilen fordelar på drivstofføkonomien. Dette er ein av fleire faktorar som no kanskje er i ferd med å gi lastebilen ein renessanse.Mange variantarI alle fall fann vi mange utgåver av MAN-bilar, og også andre merke, med drift minst på ein bakaksling og på framakslingen, utstyrt med traktormønstra lågtrykksdekk, og med landbrukspåbygg. Fleire av dei har også høve for å regulere dekktrykket under køyring.Her er alt frå semimonterte tippkassar til komplekse husdyrgjødselekvipasjar.Kan hende ser vi ein ny æra for gardslastebilen, om enn i ei meir moderne utgåve enn ein sliten og velbrukt Scania Vabis snutebil?