reg-stat-ill
reg-stat-ill

Ein elendig månad

Faktisk må vi fleire år tilbake for å finne ein svakare traktormånad enn september -07. Men fordelinga mellom merka er dønn stabil, og strengt tatt står det ikkje så ille til.

Publisert

Svakaste månaden i fjor var februar med 220 nyregistrerte traktorar. September i år er 10 traktorar dårlegare, og ligg heile 67 traktorar under september i fjor. Ein månad til som dette, så er heile forspranget 2007 har på 2006 borte.Stabilt i toppen På dei øvste plassane er alt ved det vante, einast med små justeringar. Plasseringane er i alle høve uendra. Valtra tar forsiktig innpå New Holland, John Deere gjer det svakare enn i same månad i fjor, MF er litt fram. Likevel ingen dramatikk der enno.Vi må nemne at John Deere til no i år har fått registrert ein traktor meir enn på same tid i fjor. New Holland har registrert tre fleire. Det er ikkje utan grunn at ordet "stabilt" er brukt.Vidare nedover har dei to raudfelgane Fendt og Claas hatt ein sedat haust. Åtte traktorar på kvar vitnar om rolege dagar, og ein månad likt med Deutz-Fahr.Case IH, Zetor og McCormick har vore meir haustaktive, med registreringstal godt over det normale. Desse tre har til saman to traktorar færre enn einaren John Deere.Jamne importørarI september er det 14 traktorar som skil femte største importør HCP frå Felleskjøpet, som er nummer ein. September utmerkar seg også som den månaden til no i år med færrast traktorar frå andre enn dei seks dominante importørane. FK, A-K, Eik, Lantmännen, HCP og Aase pluss Lena har til saman 99,0 prosent av den norske traktormarknaden i september. Det skjer i eit år der det florerer med nye småmerke.PS: Som vi har skrive tidlegare: På Bedre Gardsdrifts statistikk finst ingen merke som heiter "Andre". Enten er du ein traktor, eller så er du det ikkje. Difor er alt vi ikkje veit kva er tatt ut frå lista, og det fører til litt andre prosentar enn på andre statistikkar.

Powered by Labrador CMS