jaget vilt-n

Breiddereglane: Søk disp!!

Har du traktor eller reiskap breiare enn 2,55 meter, og ynskjer å køyre meir enn 5 km, må du søke dispensasjon i sommar. Noko anna avklaring av regelverket vil ikkje kome i år.

Publisert

Før jul lova Vegdirektoratet til Bondelaget at det ville kome ei presisering av regelverket for køyring med reiskap breiare enn 2,55 i god tid før våronna. No har dei heller bestemt seg for at du må søke dispensasjon.Har det for travelt– Vi har hatt det for travelt til å lage noko oppklarande skriv om korleis regelverket skal praktiserast, seier jurist Unni Augland Eik til Bedre Gardsdrift. – Dessutan ser vi behovet for å kartlegge problemet. Den enklaste måten å gjere det på, er om alle som har behov for å køyre utstyr som er breiare enn 2,55 meter over strekningar lengre enn fem kilometer, sender søknad om dispensasjon til sin lokale trafikkstasjon. Alle desse søknadane skal deretter inn til oss. Då finn vi ut om problemet gjeld fem eller 50, og vi får eit betre grunnlag for å vurdere vårt vidare arbeid. Kanskje er det nok å presisere korleis reglane skal tolkast, eller kan hende må vi endre forskrifta, seier Eik.KonkurranseHo poengterer også at Vegdirektoratet ikkje vil fremje reglar som virkar konkurransevridande.– Kor kjem det med konkurranse inn i biletet, har Vegdirektoratet nokon heimel til å regulere konkurransesituasjonen?– Vi har høve til å gi generell dispensasjon til andre vekter og dimensjonar om det ikkje fører til konkurransevriding. I denne situasjonen er det snakk om at entreprenørar med store traktorar og stort utstyr kjem i konkurranse med vanlege bønder, meiner vi.Med andre ord: Er reiskapen breiare enn 2,55 meter, og du skal køyre meir enn fem kilometer, skal du denne sesongen sende inn søknad om dispensasjon. Er du innanfor desse grensene, kan du køyre som før.Adresser til trafikkstasjonane finn du på www.vegvesen.no." Meiningslaust!Johannes Ingvoldstad i Bondelaget reagerer med vantru når Bedre Gardsdrift informerer om kva Vegdirektoratet har kome fram til. Ingvoldstad og BG har nærast som i ein stafett prøvd å få svar frå direktoratet dei seinare vekene, men dette var ikkje svaret Bondelaget hadde sett for seg.– Dette er jo heilt meiningslaust! Eg ser ikkje behov for eit år med innsamling av dispensasjonssøknader for å dokumentere problemet. Eg skal kontakte direktoratet med ein gong, så vi får rydda opp i dette, kommenterer Ingvoldstad.Har du innspel utanom ein eventuell dispensasjonssøknad, kan du gjerne legge inn slike ytringar i kommentarrubrikken under denne artikkelen, eller også sende melding til Vegdirektoratet.

Powered by Labrador CMS