bioenergi m

Bioenergi er etisk problematisk

Sveriges jordbruksminister peikar på moralske dilemma for biodrivstoff. Han er skeptisk til å brenne korn omgjort til etanol, så lenge folk svelt grunna matmangel.

Publisert

Nærast over heile verda er det stor stemning for biodrivstoff. Alle store maskinprodusentar ser på den politiske vinden med dollarteikn i blikket, og legg planer for nye maskiner spesielt innretta mot produksjon av bioenergi.

Ein del av den nye energien kjem frå skogen, mens andre delar av energien kjem gjennom omdisponering av dyrkajord frå matproduksjon til energiproduksjon. Det er den særleg den siste kategorien som får jordbruksminister Eskil Erlandsson i Sverige til å rope varsku. I ein artikkel i avisa ATLs nettutgåve går han nærare inn på problemstillingane.– Vi kan jo produsere svært mykje energi her i Sverige, og importere maten. Eller kanskje tvert imot, nemner han.Heile artikkelen kan du lese her.

"
Powered by Labrador CMS