Betre vêr
I dag er nettsida yr.no offisielt opna, etter ein periode med testing. Her får du det vi vil meine er den beste gratis vêrmeldinga i landet.
Den nye vêrmeldigssida er nok velkjent for mange aktive nettbønder, for den har i heile sommar ligge ute for prøvekøyring. No er testperioden over, og nettsida er over i ordinær drift. Du finn den på www.yr.no. " Svært fyldig Forutan å levere vêrmelding for nær sagt dei fleste gardsnamn og stader i landet, og i tillegg ei lang rekkje plassar i utlandet, byr yr.no på ei mengde med statistikk, målingar og alternativ for meldingane.Det første du får opp etter å ha søkt opp vêret på ynskt plass, er ei side som viser varsel for dei neste to døgna, i tretimars intervall. Her står type og mengde nedbør, vindstyrke og -retning, temperatur og lufttrykk.Her ligg også eit levande kart som viser skydekke og vêr på plassen og i nærområdet time for time komande to døgn.Timar, dagar og radar Same type varsel som det vi skildra over, kan du få time for time, med ei grafisk framstilling i tillegg.Du kan også velje langtidsvarsel for dei komande ni dagane, med detaljar for plassen du har valt, og med tekstvarsel for fylket.Vil du prøve deg som din eigen vêrprofet, kan du klikke deg inn på vêrradaren. Der ser du korleis vêret er i din landsdel, med oppdateringar kvart kvarter.NRK og Meteorologisk Vêrtenesta er eit samarbeid mellom Meteorologisk Institutt og NRK. I tillegg til dei ordinære vêrmeldingane, kan du lese ymse fagartiklar og meir underhaldande saker om temaet.