toty

Årets traktor-kandidatane er klare

Den europeiske juryen for Årets Traktor har plukka ut årets finalistar. Sju ulike traktormerke er representert, og mellom desse finn vi alle dei store traktorprodusentane.

Publisert

Minste traktor i finalen er Fendt 312 Vario, lansert i fjor. Elles er det som så ofte elles store traktorar som er nominerte. Claas sin nykomar Axion er med. Sjølvsagt er John Deeres nylanserte 6030 på plass, og det same med MFs oppgraderte 7400. Mange har store forventningar til arvtakaren etter New Holland TM, nemleg T 7000-serien. Den er nominert. Det er også nyss oppgraderte Valtra T-serien. Den sjuande traktoren i finalen er Deutz-Fahrs nye flaggskip X 720, ein traktor vi har lite kjennskap til her i landet.ToppmodellarSom regel er det slik at det er toppmodellen i kvar serie som vert plukka ut som finalist. Etter framlegg frå Bedre Gardsdrift kan også modellar lengre nede i modellrekkene bli plukka ut, dersom den aktuelle modellen er meir interessant enn toppmodellen. I år kunne såleis T 151 EcoPower vore valt ut frå Valtra, men juryen har altså vurdert T 191 som meir aktuell.Som dei fleste kjenner til, er det ikkje støtt store skilnaden på modellane innanfor ein serie. Slik sett er nominasjonen av til dømes John Deere 6930 relevant i høve til svært populære modellar som eksempelvis 6430.Det kjem meirBedre Gardsdrift, som er norsk representant i juryen, kjem tilbake med nærare omtale av finalistane og deira søskenmodellar om ikkje så lenge. Du vil også få høve til å stemme på din favoritt her på gardsdrift.no.Her er finalistaneopplista i alfabetisk rekkefølgje- Claas Axion 850- Deutz-Fahr Agrotron X 720- Fendt 312 Vario- John Deere 6930 Premium- Massey Ferguson 7495 Dyna-Vt- New Holland T 7060 - Valtra T 191 Advance

Powered by Labrador CMS