
Raudt i nord
I dei nordlegaste fylka er fire av ti nye traktorar frå MF eller Valtra. Landsdelen er ingen stor traktorkonsument, men stor nok til å påverke den nasjonale merkestatistikken.
Vi er altså i ein landsdel der Felleskjøpet og John Deere må sjå seg grundig slått. Totalt har marknadsleiaren fått ut 60 nye traktorar i nord, mens Valtra har 67 og Massey Ferguson 85.Her er mangt annleis enn i resten av landet.Stort i areal, lite på traktorIngen andre fylke har lågare tal enn Finnmark, med totalt 34 nyregistrerte sist år. Det er ned åtte frå 2005. Her er MF i tet. New Holland og Valtra på delt andreplass, med sju traktorar kvar. Førre år var Valtra størst, med 11 nyregistrerte. Elles er det svært små endringar å spore.Det er berre registrert traktorar av seks merke i Finnmark siste år.For frosne grønnsaker?At det vert kjøpt traktorar på Svalbard kan vere til å undre seg over. Det er neppe den store matproduksjonen der, skulle vi tru. Likevel vart der seld to John Deere-traktorar i 2005, og ein Zetor i 2006.Les traktorstatistikken for Troms her Les traktorstatistikken for Nordland her
Førskomande tysdag: Traktorstatistikken for Midtnorge
"