Kvar fjerde dødsulukke skjer i landbruket

Dei siste fem åra har 206 menneske mista livet. 50 av desse dødsfalla har skjedd innan landbruket. I tillegg kjem kring 7000 med så alvorlege skader at dei vert sjukmelde, kvart år.

Publisert

Det er Aftenposten som melder dette, etter å ha sjekka tal frå Arbeidstilsynet. Andelen ulukker i landbruket er skremmande høg. Berre tre prosent av alle landets yrkesaktive arbeider i landbruket, mens kvar fjerde ulukke skjer der. Statistikken omfattar alt landbasert næringsliv.Nest flest dødsulukker har bygg og anlegg, med 42. Deretter kjem transport og kommunikasjon med 32.Oftast er det bonden sjølv som blir skadd eller døyr, i vanleg arbeid der bonden som regel er åleine og har det travelt. Typiske ulukker er å bli klemt i hel mellom maskiner, fall i silo, og skader eller dødsfall i samband med gass eller kjemikaliar.Typiske skader er knekte armar og bein, skade på auge eller rygg, elektriske støt, eller skader ved handtering av dyr. Arbeidstilsynet meiner at det reelle talet på skader er mykje større enn det som vert registrert.Landbruksorganisasjonane, Arbeidstilsynet og Landbruksdepartementet vil no arbeide med å få ei haldningsendring. Landbruksministeren har eit mål om null dødsulukker i landbruket innan 2012. Les meir i Aftenposten her.

"
Powered by Labrador CMS