reg-stat-ill

Ein grei start

Januar 2007 startar omlag like bra som januar 06. John Deere, New Holland og Valtra tar øvste plassane på pallen. LMB er forbi Eik som landets tredje største importør.

Publisert

Enno står det att 11 månader av året, og i løpet av den tida er det mykje som skal skje. Nokre ting kan vi legge merke til likevel.

John Deere er berre 1,4 prosentpoeng framom dei to CNH-merka. Om salet av CaseIH og New Holland har gått litt trått i starten, kan dette tyde på at A-K maskiner tar til å finne forma.

Valtra og Claas er til saman på 21,6 prosent. Det betyr at LMB i årets første månad er på same nivå som dei tre andre store importørane i fjor. Dette blir ein tett kamp. Legg merke til at Claas er på ein solid femteplass, med 7,5 prosent marknadsandel. Det er ikkje langt unna dobbelt så mykje som nivået i fjor.Eik startar det nye året dårleg med totalt 17,3 prosent marknadsandel, utan at det betyr anna enn at dei er i omlag same startposisjon som i fjor. Vi hugsar at MF tok seg bra opp utover året, og sikra seg ein bra andreplass.McCormick startar også svakt, faktisk på under halvparten av fjorårstala.Totalmarknaden er i praksis uendra. Fem traktorar i skilnad mellom 06 og 07 er ingenting å snakke om.

Powered by Labrador CMS