McCormick xtx fart

McCormick-traktorar til Rusland

Rykte skal ha det til at McCormick er seld til eit russisk selskap. Sanninga er at McCormick har inngått ein avtale om å selje 200 traktorar, merka Kamaz, i Rusland.

Publisert

Det er ein artikkel på nettavisa Russia Today som har starta spekulasjonane, ser det ut til. Avisa skriv beint ut at største lastebilprodusenten i Rusland, Kamaz, har kjøpt traktorprodusenten McCormick." Sel ikkje seg sjølv Tre dagar seinare melder McCormick sjølv på sine nettsider at Argo-gruppa, som mellom anna eig McCormick og Landini, har inngått eit samarbeid med Kamaz. I starten er det snakk om å levere 200 traktorar av serien XTX, og desse blir bygd på den snart nedlagte fabrikken i Doncaster. " Selskapa er også i forhandlingar om å la Kamaz kjøpe delar av innmaten frå fabrikken i Doncaster, for å kunne bygge XTX-baserte traktorar sjølve. I samband med det er det også drøftingar om at Kamaz får kjøpe girkassar frå Argos transmisjonsfabrikk i Frankrike, til traktorar dei eventuelt byggjer på lisens i Rusland.Ingenting endra ved McCormick-produksjonen Produksjonen av McCormick vil gå som tidlegare varsla, på same fabrikk som Landini i Italia. Flyttinga av produksjonen har gått seinare enn venta, noko som har gitt leveringsproblem. Ikkje minst på dei større modellane. Dette er no i gang med å bli løyst.

Powered by Labrador CMS