bioenergi m

Ti år med prisvekst i vente

Kraftig auke i etterspurnaden etter biobrenselgrøder får landbruksprisane til å stige dei neste ti åra. Det er konklusjonen i ein rapportfrå OECD og FAO.

Publisert

Spådomen kjem i rapporten "Agricultural Outlook 2007-16" frå OECD og FAO, som vår danske kollega Landbrugsavisen refererer frå.Formuleringa som er brukt, er at landbruksprisane dei neste ti åra vil "ligge over det historiske likevektsnivået".Ikkje berre klima og små lagerFrå før ser vi at prisane blir pressa oppover grunna tørke, flaum og andre former for uår, kombinert med rekordsmå lager. No kjem altså etterspurnaden etter plantar til bioenergi på toppen av dette. " Viktigast her er stigande interesse i USA, Brasil og EU for å bruke areal til produksjon av energiplantar.Vidare er det venta lågare overproduksjon grunna reformar og nye frihandlesavtaler, som til dømes EUs nye sukkerreform. Den reduserer både produksjonen og eksporten.Større etterspurnadOECD og FAO peikar også på stigande etterspurnad etter landbruksvarer, som ein konsekvens av den økonomiske veksten i utviklingsland og land med middels inntekter.Vinnarlanda Dei som nok vil vinne mest på prisveksten, er truleg land utanfor EU. Brasil, Argentina, Rusland, Ukraina, Vietnam, Thailand, Malaysia, India, Kina og Indonesia er nemt som døme.

Kva trur du om dette? Her er ein kommentar frå BG.

"
Powered by Labrador CMS