flaum colourbox848859b

Store tap etter tørke eller flaum

I England er det katastrofetilstand etter flaum. Austover i Europa er det krise i maisproduksjonen. Tyskland, Italia og Frankrike har hatt både for vått og for tørt ver.

Publisert

Danske Landbrugsavisen har sjekka avlingsprognosar over det meste av Europa. 2007 blir ikkje noko gullår.Polen OK Av rapportane vi har sett til no, er det berre Polen som melder om eit godt år. Der er det venta ein kornhaust på inntil 30 prosent betre sist år, føresett at veret held seg bra.På oljevekstar står det ikkje så bra til. Der er forventningane nedjuster ein del, grunna regn og påfølgjande soppangrep tidlegare i år.

Kritisk tørt i aust Andre land aust i Europa er alvorleg plaga av tørke. Ti dagar hetebølge i juli og temperaturar nær 40 grader gir den verste maishausten på i alle fall 17 år i Serbia. Der viser prognosene maisavlingar på 4,5 millionar tonn, mot normalt 6,5 millionar, kan Landbrugsavisen fortelje. Kjem det ikkje snart regn, blir det enda verre.I Ungarn er to tredelar av maisprodusjonen øydelagt, og skadene kan bli enda større om tørken held fram, melder Agra Europe Weekly.Frå Bulgaria vert det meldt om at meir enn halve maishausten er tapt. På det som kan haustast, er det venta berre halv forteneste.Kritisk vått i EnglandÅrets juni månad er den våtaste nokon gong i Englands historie. Det har gått ille ut over kornavlingane, men også mjølkebøndene merkar krisa.Mange stader er det ikkje mogeleg å få kyrne ut på beite. Tankbilane kjem ikkje fram, så mjølka må tømast ut. Bøane er så våte at fôret ikkje er mogelegå hauste.

Det britiske bondelaget, National Farmers Union, meiner dette vil føre til eit dramatisk fall i mjølkeproduksjonen. Berre for juni månad har veret redusert den britiske mjølkeproduksjonen med 30 millionar kg.Svakt i TysklandMykje regn i Tyskland gir låge forventningar til den tyske kornhausten, seier kjelder Landbrugsavisen har snakka med.Vinterbygget er tidlegare ferdig enn normalt, men innhaustinga vert bremsa av regnver. I område med lett jorder avlinga redusert grunna tørke først på året. Også på vårbygg er det venta svakare avlingar enn i fjor.På kveite og rug er ikkje skuronna skikkeleg i gang, men alt tyder på låge hektolitervekter og rått korn ved hausting.Dobbelt tap i DanmarkEU premierer bønder som lar dyr beite langs elver og strender. I år har det vore så vått at dyra faktisk kan tape vekt, om dei ikkje får tilkøyrd ekstra fôr. Med andre ord er det dårleg økonomi i å ha dyra der. Det våte veret gir også eit anna tap, fordi det er for vått til å køyre over med beitepussar. Dermed risikerer bøndene å miste EU-tilskotet for arealet, i og med at avpussing er eit krav.Ei anna gruppe danske bønder, nemleg honningprodusentane, går mot det andre året med tap. Som for andre yrkesbrør er det tørt og varmt ver som står øvst på ønskelista.Tørke og regn i FrankrikeBygavlingane i Frankrike vert reduserte både grunna tørke i vår og regn i sommar. Tre til sju prosent reduserte avlingar er prognosen.Kvaliteten på kveite blir vesentleg dårlegare enn normalt, trass i at avlinane er venta å vere fire prosent over fjoråret.Derimot er det venta rekord på rapsavlingane, sju prosent betre enn 2006. På same tid er rapsarealet auka, mens erter og andre proteinvekstar taper areal.Mykje gale i ItaliaDet er venta dårlegare avlingar for alle kornslag. Ein mild vinter, svært varmt i april, vassmangel sist på våren, og for mykje regn i slutten av mai er kort oppsummert veret der i landet.Mjuk kveite får venteleg eit avlingsfall på kring 10 prosent. Bygg er venta å gå ned seks prosent. Durumkveite er også ned, men noko mindre.Derimot går kornprisane opp, både på grunn av dei reduserte avlingane og stigande prisar på verdsmarknaden. I veke 29 var prisane i høve til fjoråret auka med 40 til 50 prosent på bygg og kveite.Italia er avhengig av å importere korn. 50 til 60 prosent av kveiteforbruket vert dekt av import.

Powered by Labrador CMS