caron l
caron l

Rimelege transportarar

Berge Traktor i Fjærland startar import av Caron transportarar frå Italia. Opptil 200 000 billegare enn konkurrentane, og teknisk heilt greie, gjer Caron til mogeleg marknadsleiar i segmentet.

Publisert

To transportarar er alt selde, og Arnold Berge ventar at han kan klare å selje fire–fem maskiner årleg. Viktigaste salsargumentet er prisen, som ligg svært mykje lågare enn på dei sveitsiske og austerrikske konkurrentane.

Populær mellomserie Caron lagar transportarar i tre seriar. Det er den i midten som er mest aktuell her i landet. Den vert levert med motorar frå 26 til 62 hk, levert av Lombardini og Perkins. Girkassen har 16 trinn framover og åtte bakover, med 40 km/h som maks-fart.Berge tar inn transportarane med hydraulisk parkeringsbrems.Sterke toppmodellar Største serien har motorar frå Deutz og Daimler Crysler på 88 og 95 hk. Her er det el-hydraulisk kopling av firhjulstrekk, sperrer og kraftuttak, og dei har hydraulisk parkeringsbrems. Toppserien har dessutan større hjul med navreduksjon.Små og enkle med eit sete

Den minste serien frå Caron har eitt midtmontert sete, med motorpanseret framom og girspakane mellom føtene. Motoreffekten er som på mellomserien, men desse små er noko enklare og rimelegare oppbygd, noko som gir ein temmeleg låg utsalspris.Lik bakpart Bakparten på alle seriane er i prinsippet lik, men sjølvsagt kraftigare bygd di større transportaren er. Her finn vi dieseltank og batteri, forutan hurtigkopling for å montere lessevogn, trevegs tippkarm, trepunktsløft, husdyrgjødselspreiar eller andre påbygg. I dei fleste tilfelle er utstyret kjapt å skifte. To låsingar på kvar side, ein tobeint støttefot pr. side, forutan hydraulikk og straum er det som skal til for å skifte frå det eine til det andre.Trepunkten er forresten slik at den kan vere montert mens enkelte andre påbygg står på. Dermed kan du ha både lasteplan og trepunktsmontert vinsj samstundes, for å nemne eit døme.Dei to største seriane har hyttefjøring. Ved å ta ut to skruar og løyse nokre stag, ein jobb som er gjort på mindre enn fem minutt, kan heile hytta vippast framover, slik at motor og innmat vert lett tilgjengeleg for service.Meir om Caron-transportarane i BG 7/09.

Powered by Labrador CMS