traktor trafikk dårlig sikt
traktor trafikk dårlig sikt

Køyr med vett

Det er høgsesong for transportkøyring med traktorar, og det vert lagt merke til også utanom landbruket. Vegvesen og Politi er ekstra på vakt, med god grunn.

Publisert

Heldigvis køyrer dei aller fleste fornuftig og lovleg, men unntaka er likevel for mange.

Til høgre ser du eit bilete som Tore Braaten i Statens vegvesen har tatt. Biletet er brukt i artikkelen "Stygg traktorkjøring" i etatsavisa Vegen og vi, og skal vere frå Buskerud.Vurderer å skjerpe kontrollenTil Vegen og vi seier seksjonsleiar Tore Braaten at opplastinga på traktoren er svært farleg og heller ikkje lovleg.– Sjølv om lasta sikkert ikkje er så tung, er sikten både framover og bakover for dårleg. Det er berre Politiet og kontrollørar i Statens vegvesen som kan gripe inn ved slik trafikkfarleg køyring på offentleg veg, men Buskerud distrikt vurderer no om vi skal følgje opp slike saker om det viser seg å vere eit problem i større delar av området.Bot for pallegaffel frammeFrå Hedmark har Bedre Gardsdrift fått fleire meldingar om at politiet bøtlegg traktorførarar som køyrer på offentleg veg med pallegaffel eller rundballepigg framme. Bota er på 4000 kroner.Bakgrunnen er at det i lova står at du skal ferdast slik at det ikkje kan oppstå unødig risiko for skade. Politiet vurderer pallegaffel framme som ein unødig stor risiko. Vi kjenner ikkje til at nokon har prøvd ei slik sak for retten, så dermed står politiets handheving av lova uimotsagt, og dette kan bli brukt fleire plassar i landet utan forvarsel.Uvettig køyring

Også BG-lesarane reagerer på korleis enkelte traktorførarar oppfører seg. Biletet til høgre vart tatt av ein forbipasserande med mobilkamera for kort tid sidan. Han skriv til oss:Sånn går det når man kjører diger Fendt og ikke skjønner konsekvensen av å ligge i 50 kilometer i timen med 17-18 tonn etter seg. Dette skjedde i Snertingdal i morges på riksveg 249. Oversiktelig, grei veg. Har du erfaringar eller innspel, bruk kommentarfeltet under, eller klikk på journalisten sitt namn øvst i artikkelen for å sende epost. Send gjerne bilete, både av bra og dårleg.