Har han knekt møkklukt-koden?
Tilset du husdyrmøkka mikroknust kalk, eit avfallsprodukt frå treindustrien, kan du løyse luktproblemet i landbruket, meiner tidligare ringleiar Torstein Mo (bilete) i Ytre Romsdal og Nordmøre forsøksring. Les heile utgreiinga til ringreven Mo og kom med kommentarar.
Ligning - nitrogenbindar og luktfjærnar
Husdyrgjødsla står for 88 prosent av ammoniakkutsleppa til atmosfæren. Nyspreidd gjødsel kan lukte så ille at folk berre må rømme i hus og lukke vindauga. Gjødselgass og betongskader er problem bøndene slit med. Desse miljøproblema og meir til kan løysast ved å tilsette fabrikkavfall i gjødsla.
Mikroknust kalk er fabrikkavfall, med pH ca 9. Innmiksa i gjødsel med pH 7,2 vil pH først falle til ca 6,9 før gjødsla stabiliserar seg på pH 7,7-7,8 noko som hindrar produksjon av hydrogensulfidgass. Etter ei tid startar ei mikrobiell nedbryting av fôrrestane, ligninet vert frigjort.
Eit ligninmolekyl kan binde opp 6-8 prosent N som ammoniakk. Na- og K-lignosulfonat er i utgangspunktet fabrikkavfall frå treindustrien. Mikser vi stoffet inn i eit gjødsellager vil flyktig ammoniakk drive ut og ta plassen til desse metallionane. Slik gjødsel vert nærmast luktfri, meir enn 100 luktkomponentar må såleis bli nøytraliserte.
Lite sexy forsking
Husdyrgjødselforskning er lite attraktivt, resultata skal vere reproduserbare og det er mange faktorar forskaren ikkje rår over. Det vert brukt ei levande gjødsel, på ei levande jord og på planter som har meir å stri med enn å hente opp næring.
Det er difor sjeldan at markforsøka gjev eintydige resultat frå eine året til det andre, og det som vert forfatta vert meir bortforklaringar enn presentasjon av pålitelege resultat.
Dagens husdyrgjødsel luktar ille, det er kviasamt å ta vara inn på forskningsromma for å få kontroll over vekseforholda. Avlingsresultata sprikjer også i karforsøk. Det er problem å få finansiert slike prosjekt, og det er lettare å gjere forskarkarriere på andre oppdrag.
Forsøksringen forsøkskanin
Bøndene må ha ut husdyrgjødsla og ivrar for å betre arbeidsmiljøet. Dei fleste bøndene er knytta opp mot ein forsøksring og ringleiarar har såleis ein unik sjanse til å få fram resultat. Det er viktig få mange med og køyre ut med eit breitt forsøksopplegg som gradvis kan snevrast inn etterkvart som resultata vert meir eintydige.
Bøndene må sjå nytteverdien og Ytre Romsdal og Nordmøre forsøksring har på denne måten funne fram til tre ulike avfallprodukt som gjer husdyrgjødsla meir verdifull, men samtidig langt betre for miljøet på garden, bygda og atmosfæren. Hustadmarmor AS, (største produsenten av mikromalen kalk brukt som påstrykingsmiddel i papirproduksjonen, sjå:www.Biokalk.no.) held til i forsøksringens område.
Bedrifta spyler rein råkalk og vaskevatnet inneheld finknust råkalk som ikkje kan gjerast kvit nok til å bli med i kalkslurryen. Dette kalkstøvet er svært reaktiv i jorda og må brukast i små mengder. Forsøksringen vart sett på oppgåva med å finne bruksmåtar for denne ressursen og løysinga låg i dagen.
Mange fordeler
All opparbeidd tabbekvote vart lagt i potten då det i juni 1994 vart miksa inn 58 t kalkslurry i gjødselkjellaren til Svein Olav Mordal, Tornes i Fræna.
Kjellaren hadde gasslås til fjøset, men kalk med pH 9 kunne skape problem vi ikkje takla. Mykje hende, men alt var så oppløftande positivt at ni andre bønder vann å få kalkslurry i gjødsla før denne vart brukt som gjødsel etter førsteslåtten.
Etter 12 bruksår sit vi med berre gode tilbakemeldingar og ingen uhell, men det blir botnfall om kalken vert dumpa i kjellaren utan god omrøring. Mange har berre kalka på denne måten og stabile pH-verdier viser at metoden fungerer perfekt som vedlikehaldskalking.
Mange dokumenterer redusert gjødselinnkjøp og har klart fått mindre ugras i åkrane sine. Kalken gjer gjødsla homogen, mange har slutta å blande ekstra vatn i gjødsla og reduserer kostnader og køyring.
Gjødsla luktar lite, gjødselskorpa søkk etter første kalktilsettinga og seinare omtrent borte slik at rotter, fluger og ugrasfrø misser sitt overlevingsområde. Kalkslurryen fjærna lukta og reduserte fluge- og fuglebestanden på vårt lokale søppelanlegg, kalkstøvet tetta snabelen til flugene og måsane skydde matavfallet som var overdusja med finknust kalk!
Biokalk 75
Hustadmarmor AS finansierte utprøvinga av metoden på UMB (NLH) i 1997-98.Forskar John Fr. Hanssen, IKB, målte i forsøk 1. med husdyrgjødsel frå Fræna,60 prosent oppbinding av ammoniakk der det var tilsett kalk. Den same gjødsla vart nytta i karforsøk med raigras og havre utført av professor Steinar Tveitnes, IJVF.
Forsøksringen brukte gjødsel frå same besetningen i tre markforsøk i eng. Det vart ingen sikker avlingsskilnad mellom ledda. I markforsøka anslo vi gjødselverknaden til å vere 1,8 kg N pr tonn og leddet med gylle (50:50 blanding og dobbel dose) gav same avlinga som resten av forsøksledda.
Forsker John Fr. Hanssen prøvde i forsøk 2 oppsamla gjødsel + urin frå forsøksdyr. Dette forsøket gav ikkje auka nitrogenbinding for kalkledda. Vi stod utan sikre resultat og avslutta forskinga. Fleire og fleire bønder brukte kalkslurryen i gjødsellageret og det vart utvikla ei salsvare, Biokalk 75, som vart frakta med båt til Jæren.
Stordelen av handelsvaren vert no skipa dit som jordbruks- og vassdragskalk. Ei søsterbedrift til Hustadmarmor AS i Frankrike sette i gang med eigne forsøk og franske bønder brukar mykje meir kalkslurry i gjødsel enn her det heile starta opp. Erfaringane er identiske med våre.
Microkalk
Franzefoss industrier AS produserer microkalk, og i eige forsøk fann dei at pH hevinga i gjødsla reduserte produksjonen av den giftige og flyktige hydrogensulfidgassen.
Denne gassen vert absorbert i kondensvatnet i sona mellom varmt fjøs og kald gjødselkjellar. Her lever svovelsyreproduserande bakteriar som brukar denne gassen som energikjelde. Sluttproduktet er den etsande syra som skader både betong og armering! Denne rapporten ligg ute på heimesidene til bedrifta.
Ligningrik halmseng
Best gjødselverknad og grønaste graset vart observert på gamal grasmark med låg pH. Denne ekstra grønfargen indikerte betre nitrogenutnytting og i slik sur jord kunne det vere livsgrunnlag for sopphyfer som kunne byttehandle nitrogen med karbohydrat frå plantene.
Kvitrotesoppar er kjende ligninmeltarar. Med fokus på lignin kan alt forklarast. I forsøk 2 brukte forskar John. Fr. Hanssen gjødsel + urin oppsamla i kar frå mjølkekyr som vart fôra på ein ekstremt høg rasjon kraftfôr i høve til grovfôr.
Denne gjødsla innehaldt såleis minimalt med lignin og var utan strø. Her vart det ikkje nitrogenbinding. Svenske forskarar målte 25 prosent ammoniakkbinding ved å føre fjøslufta gjennom ei bioseng av ligninrik halm og sagflis.
Ligninet gjer susen
Kvitmose inneheld lignin og brukt som strø kjend for å ta vare på nitrogenet og redusere gjødsellukta. Oppfrosen brenntorv vart tilsett husdyrgjødsla før spreiing for å dryge denne! Nitrogenet vart bunde opp og gjødsla kunne brukast på større areal.
Lignin er kompakte makromolekyl med anslagsvis 10000 einingar av ein til fleire monolignolar.
I plantene er ligninet kittet eller betongen mellom cellene og er viktig for styrke og vasstransport. Det er påvist at planter produserer ekstra med lignin som forsvar ved inntrenging av sopphyfer, noko som forklarer ligninet si motstandskraft for nedbryting i kuvom, gjødsellager og ute i naturen. Gras har ca 15%, lignin, halm ca 40 og trevirke frå 30 prosent og oppover.
Husdyra våre utnyttar det mest lettmelta karbohydratet, medan mykje cellulose og hemicellulose endar i gjødsla og det er ligninet som er bindingsverket. Etter tilsetting av kalk byrjar gjødsla å gjære og forbrukar cellulosen og hemicellulosen og ligninet slepp ut.
”Sjampanjegjødsel”
Borregård fabrikker AS er verdsleiande på produksjon av ligninfritt papir og sit på store mengder ligninavfall som dei no har funne mange bruksmåtar for. Ligninmolekylet er sterkt negativt lada og ”sprikjer.”
Dei har utvikla produkt som byggjer på denne kraftige negative ladningen. Eit produkt får fargestoff til å spre seg jamnt i tekstilane, eit anna vert nytta i sementindustrien der ligninet sprer sandkorna, slik at vatnet kjem lettare inn mellom korna.
Vassforbruket vert redusert og komprimeringa går lettare. Det same skjer i våre gjødsellager, Biokalk 75 er tilsett eit dispergeringsmiddel som gjer kalken negativ lada. Vi treng ikkje tilsette vatn for å få god omrøring. Biokalk 75 i grisegjøsel gjer gjødsla homogen og hindrar botnfall under transport.
Kalktilsettinga framkallar ei gjæring og frie ligninmolekyl held gjødsla homogen og bind opp både ammoniakk og luktstoff etterkvart som desse vert produserte i gjødsla. Denne gjæringa foregår under anaerobe forhold og CO2 trykket er så sterk at ei syrekanne med 10 l kalktilsett grisegjødsel vart kuleforma og varig deformert.
Resten av denne gjødsla brukte stud. agr. Magne Heggstad, i si hovudoppgåve på NLH der han målte 40 prosent karbontap etter tre månaders lagring av denne gjødsla. Det vart ikkje registrert ammoniakktap under gjæringa og gjødsla vart såleis anrika av NH4. I praksis har tonnevis av grisegjødsel blitt lyfta opp frå botnen og til overflata, og etter slik koking får vi ei homogen og luktsvak ”sjampanjegjødsel.”
Overlever i moskusmagen?
Det komplekse og stabile ligninmolekylet bind ammoniakk sterkar enn andre einverdige ionar, medan to- og treverdige ionar har problem med å finne festepunkt.
Denne ammoniakkbindinga er så sterk at vi har indikasjonar på at ammoniakken er langt mindre flyktig om gjødsla vert spredd i sol og vind. Bønder som brukar gjæra grisemøkk på korn må redusere husdyrgjødselmengdene for å unngå legde, slik at noko av det oppbundne nitrogenet vert plantenæring.
Vi er sikre på at vi får ein sterk reduksjon av ammoniakkutsleppa til atmosfæren, men vi har ei utfordring korleis vi skal få ut resten av det bundne ammoniakknitrogenet frå klørne til ligninet på godt oppkalka matjord. Det vert påstått at meitemarken dyrkar eigne soppkulturar i sine markgangar, og har kanskje noko å lære frå seg her.
Tiur og moskus kan utnytte ligninet og etter som moskus er ein drøvtyggar bør nokre gamle dyr utrustas med fistel for å finne ut om bakteriane her kan overleve i andre drøvtyggarmagar. Då vil haustetidspunktdiskusjonane på gras bli historie.
Luktfri gjødsel – og bunad
For å få ligninteorien sikrare fekk vi våren 2006 tilsendt 1000 l natriumlignosulfonat frå Borregård fabrikker as.
Vi rørde inn tre ulike mengder direkte i gjødselvogna og spreidde massen i striper på to engareal. Eg registrerte sterk luktreduksjon, medan avlinga og nitrogeninnhaldet i blada vart som i kontrollgjødsla.
Bonden køyrde eit lass med to prosent lignininnblanding på ei beitemark og her vart det utslag på både farge og vekstLuktreduksjonen resulterte i at vi miksa inn 500 liter lignosulfonat i 230 tonn gjæra press-saft/kumøkk og denne blandinga vart tilnærma luktfri etter innrøringa.
Graset vaks godt etter gjødselspreiinga og mjølkekyrne beita graset godt ned etterpå. Denne hausten vart same lignosulfonatet tilført grisegjødsel i Østfold der resultatet vart at det lukta lignosulfonat av gjødsla og forsøksringen der vil ta over arbeidet med denne avfallsressursen.
Våre lokale bønder har spreidd kalkbehandla grisemøkk heilt inn til hus og fått klage i ettertid på at jordet ikkje vart gjødsla som avtalt! Bønder har skryta av at dei spredde kalkblanda husdyrgjødsel heilt inn til huset der kona lufta bunadane. Slike vitnemål provar at vi langt på veg har løysingar på luktproblematikken.
Makulert papir i møkka
Mikroknust kalkstein kan kjøpast som microkalk i storsekk eller som flytande Biokalk 75 %. Microkalken manglar dispergeringsmiddel og gjødsla må ta gjæring før ho vert homogen.
Bruksmengdene er så små at vi oppnår liten kalkverknad på jorda, men så langt er erfaringane nokså like. Moderne laserprintarar brenner trykken så djupt i papiret at papirindustrien har problem med å få resirkulert papir kvitt nok og må avgrense gjenbruken.
Mengda av makuleringspapir hopar seg opp, men denne ressursen inneheld opp til 20 prosent med mikrokalk og er eit utmerka strø for smågris + slaktegris.
Purkene et det opp. Fargestoffa i papirmassen inneheld viktige næringsstoff for planter. Papiret løyser seg opp i gjødsla og kalken gjer same nytten som innkjøpt kalk.
I eit lokalt forsøk løyste makuleringspapir seg raskare opp i kugjødsel enn i grisemøkk, men når bakteriane først hadde løyst koden gjekk nedbrytinga av ny dose med papir i same gjødsla like raskt som i kumøkk. Ein av våre medlemar henta papiret frå det lokale sjukehuset og frå fylkesadministrasjonen som fekk ein kostnad mindre, medan han sparde store utgifter på strø.
Det var umogleg å finne att papiravfallet i enga, og gjødsellukt og gjødselverknad frå våre forsøk likna på erfaringane med Biokalk 75.
Tre botemiddel mot lukt
Her er no jobba fram tre avfallprodukt som gjer bondens viktigaste avfall – husdyrgjødsla – langt meir verdifull og mindre forureinande. Det er no viktig å ta dette i bruk.
Jordbruket skal redusere sine NH4 utslepp med 23 000 tonn frå 2010, men vi kan halvere desse utsleppa berre vi brukar desse kunnskapane og dei avfallstoffa som er på marknaden. Alternativet er nedmolding av husdyrgjødsel, men mikrobiell nedbryting kan gje CO2-forgifting under dårlege utluftingsforhold.
Meitemarken er koda til å hente næringa på bakken og markgangane er livsviktige for livet i jorda, slepp inn oksygenet og drenerer ut skadelege gassar. All jordarbeiding inkludert innblanding av gjødsel i jorda rotar det til for meitemarken.