Verdast beste ost har norsk flagg på seg.

Verdas beste ost er norsk!

Kraftkar frå Tingvollost danka ut 3020 andre ostar frå heile verda, i World Cheese Awards.

Publisert
Styreleiar Gunnar Waagen veit at Tingvollost lagar god vare, men var ikkje budd på at Kraftkar skulle bli kåra til beste osten i verda. 

Ostefestivalen er den 29. i rekkja, og har som mål å fremje dei gode ostane. Særleg ost laga med handverk og flid. Det er nettopp tilfelle for Kraftkar. Blåmuggosten er modna i tolv månader. Juryen omtaler den som fantastisk balansert med ein god, smuldrete tekstur, men likevel glatt og mjuk på tunga. Den gode modninga kjem til sin rett i smaksopplevinga, konstaterer juryen, som gir Kraftkar den aller høgaste poengsummen i den opne ostefinalen, og dermed tittelen World Champion Cheese.

I finalen under World Cheese Awards er nemleg ikkje Kraftkar berre beste blåmuggost. Her er ostar frå alle kategoriar sette opp mot kvarandre. Og det gjekk altså ganske greitt for nordmøringen: Han slo ut alle. Og overraska ikkje minst meieristyrar Egil Smith-Meyer, som ifølgje NRK Møre og Romsdal heldt på å legge ungane heime i Tingvoll då styreleiar Gunnar Waagen forfjamsa vart ropt opp på scena som største vinnaren på ostefestivalen.

Tenkje sjølve, ikkje kopiere

Kraftkar er laga av fersk kumjølk frå eigen gard, tilsett ekstra fløyte. Det gir osten eit særpreg. Tingvollost har vore opptekne av å skape noko særeige, i staden for å kopiere andre. Den strategien har tydeleg lukkast. Dette er ikkje første gongen Kraftkar og Tingvollost haustar heider og ære. Osten har frå før ein glimrande og glitrande gullmedalje frå World Cheese Awards, men det heng unekteleg hakket høgare å vere best av alle.

Både verdsmeister og verdskjendis

Tingvollost er eit familiedrive gardsmeieri som lagar fem typar kvit- og blåmuggost av pasteurisert mjølk frå eigen gard. Ysteriet vart etablert i 2003, og som namnet tilseier held dei til i Tingvoll på Nordmøre. Gardsmeieriet, bygd i 2006, ligg vegg i vegg med fjøset som vart bygd i 2009. Tal frå 2014 viser at 200 tonn mjølk gjekk med i osteproduksjonen. Resten av mjølka går til eit anna verdskjent produkt, nemleg til Tine og Jarlsbergostproduksjonen i nabokommunen.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS