Du er her

Vegdirektoratet ignorerer landbruket

Ingen, absolutt ingen, som er knytt til landbruket, har fått tilsendt Vegdirektoratets utkast til nye forskrifter for førarkort.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 01.12.1999 12:00

Dei nye forskriftene har dramatiske konsekvensar for kven som kan køyre traktor og landbruksmaskiner i framtida, og inneheld ei lang rekke endringar som virkar direkte inn på kvardagen til norske bønder. Det gir vegdirektoratet blanke blaffen i.

Bedre Gardsdrift vart for over eit halvt år sidan lova å få tilsendt høyringsutkastet til nye førarkortforskrifter, straks dette var klart. Etter å sjølv ha purra på direktoratet, fekk vi papira i februar. Ein solid bunke dokument, datert 20.12.2001.

At Vegdirektoratet nok ein gong ikkje held det dei lovar oss, får vi bere over med. At lista med over 100 høyringsinstansar ikkje inneheld ei einaste adresse knytt til landbruket, er ei skandale. I følgjeskrivet, underteikna trafikkdirektør Bjørn Skoglund, er det særleg peika på skjerpa reglar for traktor. Det kunne difor vere å vente at nokon i vegdirektoratet tenkte at "oj, dette gjeld jo også landbruket!" Men nei. Landbruksdepartementet er eit av få departement som ikkje får desse papira. Bondelaget står ikkje på lista. Traktor- og landbruksmaskinimportørenes forening er ikkje nemnt.

Vi får håpe at Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet kan tale landbrukets sak. Eller kanskje Motormännens riksforbund i Sverige gjer det? Dei har fått høyringsdokument.