Du er her

Valtra på andreplass

John Deere held teten, mens Valtra er forbi MF. Samla vart mars heilt OK. Første kvartal er 12 prosent svakare enn i 2016.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 04.04.2017 15:40

 

Ser vi på mars reint isolert, har John Deere ein temmeleg god månad. Valtra og Fendt presterer også betre enn normalt. Massey Ferguson, CNH-merka, Claas og Deutz-Fahr ligg alle tydeleg bak normalen. Mars i år er i sum litt betre enn mars i fjor, og heller ikkje så langt unna ein heilt normal mars-månad sett over litt tid.

Dei ligg tett

Førsteplass-innehavar John Deere styrkar posisjonen litt etter ein svak start på året, men 23,5 prosent marknadsandel er ikkje heilt der hjorten likar å vere. Enda viktigare er det å merke seg at avstanden mellom kvart enkelt merke på lista er ganske liten. Frå John Deere til Valtra er den største luka, på 34 traktorar. Derifrå er det 21 til MF, 31 til New Holland og vidare 19 til Fendt. Vidare bakover er det stort sett enda tettare. Med tre kvartal att av året er slike avstandar for lite til at nokon ting som helst kan seiast sikkert om sluttresultatet. Som vi ser denne månaden: Det er fort gjort at eit merke et opp forspranget og går forbi eit anna. 

Ni "store", 11 små

Om det å få registrert mellom halvannan og 10 traktorar pr. veke kvalifiserer til å kallast eit stort merke, har vi ni namn i denne kategorien, frå Kubota til John Deere.

På tiandeplass har vi eit markant skilje: Der finn vi Zetor, med færre enn to nyregistreringar pr. månad, følgd av ti andre merke som har mellom ein og fire traktorar så langt i år. Seks merke som hadde fått skilt på minst ein traktor i første kvartal i fjor har ikkje hatt like stor suksess til no i år. Hakk i hel bak Zetor følgjer forresten ein nykomar, bratt-bakke-traktoren AGT, med fire traktorar. AGT er importert av Nordic Tractor Ltd. utanfor Bergen, med butikk på Finn og ei forhistorie med ymse andre småmerke. 

Att og fram

Mellom dei store merka er det berre Valtra, Claas og Kubota som har nemneverdig framgang i tal traktorar. Desse tre har til felles at dei på eit vis er i utfordrarposisjon, med delvis nye forhandlarnett. Bortsett frå ein ca. uendra Deutz-Fahr, går alle dei andre tilbake, og mest av alle John Deere.

Importørane ligg slett ikkje tett

Med Valtra i stallen tar Eikmaskin 42 prosent av marknaden. Dei to felleskjøpa handterer 23,5 prosent, mens A-K ligg langt bakom der att med sine 16,3 prosent. Veldig langt bak A-K att finn vi Norwegian Agro Machinery, altså den nye Claas-importøren.

 

Faktaboks

Traktormarknaden månad for månad

Sidan januar 2006 har Bedre Gardsrift analysert den norske traktormarknaden kvar einaste månad her på www.gardsdrift.no. Vi får kjeldematerialet frå vår gode samarbeidspartner Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV). Tala herifrå blir sjekka og vaska hos oss, så vi lukar ut så mykje som råd av sånt som ikkje kan reknast som nye traktorar. 

Den store oppsummeringa av traktoråret finn i papirutgåva av Bedre Gardsdrift, i nummer ein kvart år. Der tar vi for oss traktormarknaden på modellnivå, og summerer også kor populære dei ulike seriane er. Pluss at vi ser på fylke, effektklassar og litt av kvart elles. 

Bedre Gardsdrift er Norges største landbruksblad, med over 17 700 abonnentar. Jordnær og nyttig kunnskap, bygd på erfaring og innsikt. Du kan bestille eit abonnement ved å klikke her