universal703

Universal er ute

Den rumenske traktorprodusenten Universal er erklærd død. Den rumenske staten har ikkje lukkast å selje produsenten. Bestanden av Universal her i landet er heller liten.

Publisert

Det har vore samtalar med Argo-gruppa, som eig mellom anna Landini og McCormick, og også med største traktorprodusenten i India, M&M. Verken desse samtalane eller andre forsøk på privatisering har ført fram. Forresten prøvde M&M i si tid å få kloa i Valtra, men måtte der gi tapt for Agco. " Norsk importMotorsalg A/S, med adresse Kokstad ved Bergen, importerte Universal ein periode. Også Håvard Semmen, Tyristrand, har tatt inn Universaltraktorar. Siste brosjyra vi har med Semmens namn i våre arkiv, er datert 1997.Fiat på lisensUniversal er eit resultat av eit kommunistregime som ville ha sitt eige traktormerke. Ein lengre periode produserte rumenarane Fiat på lisens, men denne avtalen gjekk ut i 1986/87. Traktorane som er laga etter det har ikkje akkurat vore mykje å rope hurra for. Det var vel strengt tatt ikkje tilfellet før heller.Skrale greierUniversal har aldri klart å få til særleg brukbare produkt på eiga hand. Underteikna besøkte sjølv ein Universalfabrikk i 1990. Rett nok var her ein og annan monteringsrobot, men lite som elles likna på vestlege traktorfabrikkar. Delene flaut utover golvet, og det var lite som likna på kvalitetskontroll i produksjonen.På eit kollektivbruk i nærleiken hadde dei klart å skaffe seg ein Belarus. Denne var av ein heilt annan kvalitet, og var lakkert grøn med gule felgar for å markere at den tilhøryde ein annan traktordivisjon. Mange variantar

Forutan vanlege landbrukstraktorar, har Universal hatt ein omfattande produksjon av beltetraktorar. Ein av dei ferskaste av det slaget skulle vere inspirerert av Caterpillars første Challenger. Det er også laga smalsportraktorar, traktorar med særs høg bakkeklaring og ymse anna. Midt på 90-talet vart det laga traktorar frå 90 til 150 hk.Fallande produksjonI Universals stordomstid er det hevda at produksjonen var oppe i 76 000 traktorar årleg. Etter kommunismens fall har også produksjonen stupt. For ti år sidan var den nede i 15 500 traktorar. I forfjor var den enda ti tusen lågare, og i fjor enda talet på 3500 traktorar.Det er grunn til å tru at Universal får kvile i fred.

Powered by Labrador CMS