Nye maskiner for bratt lende er dyre. Difor er der ein viss marknad for bruktimport av slike. Men å få skilt på dei er i mange tilfelle påfallande utfordrande, konstaterer Ove Digernes frå Førde i Sogn og Fjordane.

Ugrei registrering av bruktimport

Ove Digernes importerer brukte spesialtraktorar for bratt lende. Prosessen med å få på skilt kan stundom vere seig.

Publisert

Vegdirektoratet: – Skal gå utan problem

Så sant traktoren har EF-typegodkjenning, treng vi berre å sjekke at identiteten er korrekt, seier Espen Andersson i Vegdirektoratet.

Traktorar som har vore registrerte i utlandet, treng ikkje ny behandling når dei kjem hit til landet. Føresetnaden er at traktoren har EF-typegodkjenning. Dette gjeld det aller meste av vanlege landbrukstraktorar med toppfart inntil 40 km/h.

– Har traktoren nasjonal typegodkjenning, vert det ein meir omstendeleg prosess, og større uvisse om utfallet. Då må vi få dokumentasjon på at våre nasjonale krav er oppfylte.

Slik er normal prosedyre

Så sant traktoren er registrert på bakgrunn av at den har EF-typegodkjenning, er prosedyren vanlegvis så enkel som dette: Statens Vegvesen sjekkar om identiteten på køyretyet samsvarer med utanlandsk vognkort. Dette er særleg viktig no, ettersom tjuveri av køyrety og falske identitetar på køyretya er blitt eit problem. Dessutan skal det kontrollerast at det ikkje er gjort endringar på vesentlege komponentar på traktoren. Er dette ok, skal køyretyet vere klart for å få norske skilt. 

Blir straks betre

Frå 1. september vil det bli enklare. Då trer nye reglar i kraft, og EU sitt regelverk vil femne om langt fleire traktortypar enn i dag. Alt som er godkjent av EU vil vere godkjent her i landet. I tillegg vert det enklare å få godkjent traktorar med nasjonal godkjenning frå EU/EØS-land.

I Bedre Gardsdrift nummer 5 2016 kan du lese om Digernes og vanskane han støyter på. Enkelte gongar kan det vere at traktoren har ei nasjonal godkjenning frå landet han kjem frå. Då kan det vere ei verkeleg krevjande oppgåve å få skilt. 

I dei fleste tilfelle burde likevel jobben gå ganske greitt, når traktoren frå opphavslandet har same typegodkjenninga som vi krev her i landet. Men sjølv der Statens Vegvesen har all dokumentasjonen som skal til i systemet sitt frå før, og einast treng å sjekke at traktoren er i original stand, kan kverna gå seint.

Tre veker på ein liten titt

Ove Digernes fortel om eit tilfelle der han importerte ein traktor som er identisk med ein som like før var typegodkjent og registrert som ny i Noreg.

– Eg fekk time ein måndag. Tre mann kika og såg på traktoren, dei tok bilete og trykte på datamaskina. Men eg kunne ikkje få skilt den dagen. Torsdagen reiste eg nedatt på Biltilsynet, men eg fekk ikkje snakke med desse karane. Derimot kunne dama i skranken kommunisere med dei via datasystemet. Då kunne ein av dei melde at han var usikker på om traktoren var typegodkjent for 30 eller 40 km/h, og dermed var han i stuss om han skulle krevje stor varseltrekant. 

Måndagen i veke to fekk han dette i brevs form, som eit vedtak, vel å merke datert same dag som han var på trafikkstasjonen. 

Typegodkjenning av identisk traktor

- Eg kontakta han som har nyimporten av traktorane, fekk kopi av typegodkjenninga av den identiske traktoren, som altså er eit dokument utferda av Statens Vegvesen og som dei heile tida har hatt i systemet sitt. Det fekk dei i hende på Biltilsynet på torsdagen i denne andre veka. 

Ove lurte på når skilta kunne vere klare. Han fekk då forklart at det måtte bli den følgjande veka, altså veke nummer tre i denne prosessen. 

- Men dei jobba ikkje med slikt på tysdagane. Kan hende kunne dei klare det onsdag, men torsdag var det fridag og fredag var det avspassering, så eg kunne ikkje få nokon lovnad om at det vart skilt den veka heller. Heldigvis rakk dei å få ferdig skiltet på onsdag så eg fekk henta det mens dei ansvarlege avspaserte på fredagen. 

Totalt brukte han altså litt mindre enn tre veker på å få ut eit skilt på ein traktor der vegvesenet har all naudsynt dokumentasjon i systemet frå før.

Kan gjerast enkelt

Som ein kontrast nemner Ove Digernes ein annan traktor. Då han skulle få skilt på denne, var det lang ventetid ved den næraste trafikkstasjonen. Han tok difor traktoren på lastebil og køyrde til ein annan trafikkstasjon, halvannan til to timar unna. 

Etter å ha varsla om at han var komen, tok han til å løyse lastsikringa for å køyre ned traktoren frå lasteplanet, men kontrolløren kjem til og slær fast at traktoren kan bli ståande på lastebilen. Så undersøkjer han litt her og der, ser over dokumentasjonen og konkluderer med at alt er i orden. 

Og så får Ove Digernes skiltet i neven, betaler gebyret og er ferdig. Heile seansen var unnagjort på nokre minutt.

Powered by Labrador CMS