Du er her

Uforståeleg eller unikt?

Bøndene forhandlar ikkje løn med staten. Dei forhandlar rammevilkår. Kva løna blir er ein miks av bondens dugleik, vêr og vind, renter, oljepris, valutapolitikk og kva folk kjøper i butikken.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 05.05.2015 17:15
Å bli samde om tal i ein landbruksavtale er ikkje lett. Mens andre grupper forhandlar løn, forhandlar landbruket om rammevilkår, som til sist blir omrekna til potensiell arbeidsgodtgjersle. Det gir seg sine utslag. Kjem våren tidleg, vêret blir bra og hausten god, kan Staten neste år seie at "de fekk jo større inntektsauke enn vi vart samde om." Slike forhold hadde vi i 2014, noko som gir regjeringa høve til å argumentere for å putte mindre pengar i potten i neste runde. Likeins gjer faktorar som renteutvikling, internasjonale oljeprisar og handlevanene til vanlege folk store utslag. Slike ting er det ikkje mogeleg å verken avtale eller rekne seg fram til, same om du er departementsråd, organisasjon eller budsjettnemnd.

Regulert sjølvstende

Bønder er sjølvstendig næringsdrivande, og med det ansvarlege for eigen økonomi på ein heilt annan måte enn ein vanleg lønsmottakar. På same tid er landbruket gjennomregulert på ein heilt annan måte enn nær sagt alle andre næringar. I stor grad fordi det er politisk semje om at matproduksjon er for viktig til at den skal føregå tilfeldig og uregulert. Dette er også bønder flest samde i. 

Kan lesast på mange vis

Oppfatninga av krav og tilbod sprikjer verre enn i nær sagt noko anna form for oppgjer. Til dømes ved at staten har bestemt seg for at alt skal reknast i prosent, mens landbruksorganisasjonane likar kroner best. Då kan staten seie at bøndene får fleire prosent enn nokon andre, mens landbruket kan seie at avstanden til andre grupper målt i kroner berre blir større. 

Med dette som bakteppe er det lettare å forstå kvifor landbruksforhandlingane på så mange vis er ganske uforståelege. Så finst det da heller ingen oppgjer om rammevilkår for andre næringar som på noko vis kan samanliknast med det vi har i landbruket.